Heimetenesta
Øygarden kommune Heimetenesta
- Arbeidssted
- ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om avdelinga: Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i fire avdelingar, Skogsvåg, Ågotnes, Straume og Bildøy. Som heimehjelp i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar i team og åleine.
Avdeling Bildøy har ledig 50% fast stilling som heimehjelp
Avdeling Skogsvåg har ledig 60% vikariat med varigheit 1 år.
Stillingane er ledig frå no. Anna stillingsprosent kan bli ledig ved eventuelle interne søkjarar.
Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon- og samarbeidsevner er gode. Som heimehjelp i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/tiltak.
Kva får du hjå oss?Som vår nye kollega vil du få 50 - 60% stilling. I heimetenesta vil du få høve til å arbeide med dyktige og løysingsorienterte medarbeidarar, og det er kort veg mellom leiing og tilsette. Årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette.
Du vil arbeide med praktisk bistand (heimehjelp) i kombinasjon med heimesjukepleie i helg/høgtid. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons– og forsikringsordningar. Du har moglegheit til å søke startlån utan krav til eigenkapital gjennom kommunen, samt ha tilgang til gratis parkering.
Kven er så du?Det er ønskeleg med fagbrev innan reinhald eller anna relevant fagbrev innan helse. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse
Du må ha førarkort
Du har gode norskkunnskapar og beherskar språket både munnleg og skriftleg
Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Vi legg vekt på personleg eignaheit
Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre, samt bidra til eit godt arbeidsmiljø
Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement.
Viss du kjennar deg igjen, bli med oss på laget!
Kontakt:Ass einingsleiar Kate S. Løland 56 16 05 02 / 95 07 11 21
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.