Sjukepleier/vernepleier med videreutdanning innan psykiatri
Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri Haugesund Sjukehus
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 19. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
🌟 Har du lyst til å gjere ein forskjell?
Vi har ledig ei 100 % dagstilling ved poliklinikken vår, og søkjer deg som ønskjer å bidra til best mogleg utgreiing, behandling og oppfølging av eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar.
Hos oss møter du menneske med ulike behov og livshistorier. Arbeidet krev fagleg tryggleik, gode samarbeidsevner og evna til å sjå mennesket bak sjukdommen. Kvardagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Vi støttar kvarandre, deler kunnskap og finn gode løysingar saman. 🤝
Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der kvalitet, utvikling og samarbeid står i sentrum. Vi legg til rette for fagleg vekst gjennom undervisning, fagdagar og tett samarbeid med både sengepostar og kommunehelsetenesta. 📚
💙 Ønskjer du å gjere ein forskjell for eldre pasientar, samtidig som du utviklar deg fagleg? Då håpar vi å høyre frå deg
Kva går jobben ut på?Du vil mellom anna arbeide med:
utgreiing, behandling og oppfølging av eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar
gjennomføring av kognitive testar og kartleggingar
oppfølging av pasientar i poliklinikk og samarbeid med sengepost i alderspsyatrien
samarbeid med pårørande og kommunehelsetenesta
undervisning, rettleiing og fagleg kompetansedeling
bidra til gode pasientforløp og trygge overgangar mellom tenestenivå
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan psykiatri
Vernepleiar med relevant vidareutdanning innan psykiatri
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Det er ein fordel om du har:
erfaring frå psykisk helsevern, alderspsykiatri eller arbeid med eldre
erfaring med kognitiv utgreiing og kartlegging
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
er trygg og fagleg engasjert, og som held oversikta når arbeidsdagen er travel
tek initiativ og bidreg til å finne gode løysingar saman med andre
trivst i samarbeid og set pris på eit miljø der ein lærer av kvar andre
likar å undervisa internt og ut mot kommunane
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du:
fagdagar, kurs og simuleringstrening som styrkjer den faglege utviklinga di
ei positiv haldning til vidareutdanning, med tilrettelegging for vidare utvikling
ein variert arbeidskvardag
kollegastøtteordning og eit arbeidsmiljø der du ikkje står åleine
eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonDoreen Halleland, Avdelingsleder, doreen.halleland@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5185060987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 19.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.