Vågaleitet omsorgsteam
Øygarden kommune Vågaleitet omsorgsbustad
- Arbeidssted
- ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om avdelinga:
Vågaleitet omsorgsteam yter tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemmelse, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ei flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av mellom anna vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/fagarbeidarar og assistentar. Vi har no ledig eit vikariat som fagarbeider i 67 % stilling som våken nattevakt. Stillinga er ledig frå dags dato tom 31.08.2027. Det er stor moglegheit for at stillinga vert omgjort til fast stilling.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet er primært knytt opp mot ein brukar med hyppig tilsyn og oppfølging
Handtering av akutte hendingar som kan oppstå på natt
Arbeid knytt til Helse og omsorgstenestelova kap 9.
Kvalifikasjonar:
Relevant fagbrev
Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg egna
Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Sertifikat klasse B
Ønskjeleg med:
Erfaring frå liknande arbeid
Personlege eigenskapar:
Fleksibel
Kan jobbe sjølvstendig og er løysingsorientert
Gode samarbeidsevnar
Strukturert
Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø
Anna:
Turnus har 10 timers vaktar og arbeid kvar 3 helg.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA verksemd
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avd.leiar Vågaleitet Vivian Kvinge tlf 55 09 68 99 / 41 41 55 21
Einingsleiar Kristin Straume tlf 99 79 95 26
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.