Rådgjevar - vikariat energi
NPI - Grøn vekst, klima og energi, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Stillinga har hovudvekt på sakshandsaming av høyringssaker knytt til kraftnett og ny fornybar energiproduksjon. I tillegg vil du arbeide med innspel til høyringar om lov og forskriftsendringar på energiområdet. Du vil få ein sentral rolle i fylkeskommunen sitt energifaglege arbeid, og vil koordinere innspel frå ulike delar av organisasjonen.
Stillinga er eit vikariat, då vår faste medarbeidar på feltet skal ut i foreldrepermisjon.
ArbeidsoppgåverSakshandsame høyringssaker om kraftnett og ny fornybar energiproduksjon, og utarbeide fylkeskommunen sine høyringssvar
Følgje med på og gje innspel til høyringar om lov og forskriftsendringar på energifeltet
Gjere energifaglege vurderingar som grunnlag for fylkeskommunen sine uttalar og vedtak
Koordinere innspel frå ulike delar av fylkeskommunen slik at høyringssvara er heilskaplege og godt forankra
Skrive politiske saker til folkevalde organ om aktuelle energisaker som er ute på høyring
Halde oversikt over høyringsfristar og bidra til god framdrift i sakshandsaminga
Byggje og halde ved like kontakt med relevante samarbeidspartar, til dømes nettselskap, energiselskap, statlege styresmakter og andre regionale aktørar
Bidra til fagleg oppdatering internt om utviklinga på energi og kraftnettfeltet
Samarbeide med kollegaer for å samle opplysningar til gode saksgrunnlag
KvalifikasjonarVi søkjer deg som har:
relevant høgare utdanning, til dømes innan energi, energirett, samfunnsplanlegging, statsvitskap, jus eller tilsvarande (master er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav). Vi oppfordrar også nyutdanna å søke. Søkjarar med mastergrad vil bli tilsett som rådgjevar. Søkjarar med
bachelorgrad vil bli tilsett som spesialkonsulent
kjennskap til energisektoren, kraftnett og/eller fornybar energiproduksjon
erfaring med sakshandsaming i offentleg forvaltning, gjerne med politiske saker
god skriftleg framstillingsevne og evne til å formidle fagleg innhald på ein forståeleg måte
evne til å koordinere og samarbeide på tvers av fagmiljø
sjølvstendig arbeidsform, god struktur og evne til å halde fristar
kjennskap til kraft- og energisituasjonen i Vestland
Det er ein fordel om du har kjennskap til regelverk på energiområdet og erfaring med høyringsprosessar i offentleg sektor.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig
har gode samarbeids- og gjennomføringsevner
er god til å opprette gode relasjonar
har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og kan nytte nynorsk som
arbeidsspråk
er samfunnsinteressert og har gode allmennkunnskaper
er strukturert
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på i rekrutteringa.
Vi tilbyrHos oss får du:
ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
gode moglegheiter for fagleg utvikling
løn etter avtale
mogligheit for heimekontor
gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontorstad er Bergen. Det kan vere aktuelt med Florø som kontorplass, om det er ønskeleg for den som vert tilsett og praktiske spørsmål rundt kontorplass let seg løyse.
KontaktinformasjonSølve Dag Sondbø, seksjonssjef, 90075325
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5195815926
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 30.11.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 04.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.