Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Postdoktor innen kritiske perspektiver/politisk økonomi på KI  ved AI LEARN

Universitetet i Bergen

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
9. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Åremål
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling Vi ønsker deg velkommen som søker til ei ledig stilling som postdoktor i kritisk teori /politisk økonomi av KI ved SLATE, Det psykologiske fakultet. Stillinga er ein åremålsstilling på 3 år, knytt til AI LEARN-senteret, og er finansiert av Universitetet i Bergen. Om AI LEARNAI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor. Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens starta opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet. Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Om prosjektet Stillinga er knytt til klynga styring, etikk & regulering («Governance, Ethics & Regulation») og gir moglegheit til å bidra til forsking i skjeringspunktet mellom rekonfigurasjoner, praksisar, nettverk og/eller samarbeid og utforskar ulike menneske–KI-konstellasjonar med fokus på demokratisk deltaking og menneskerettigheiter. Arbeidsstad er Bergen, Norge. Arbeidsoppgåvene: Undersøke og utforske maktdynamikkar, skiftande menneskeleg handlingsrom (human agency) og former for livsutfoldelse («human flourishing») i noverande, framveksande og framtidige former for KI-system, forankra i relasjonelle og sosiopolitisk konstituerte prosessar og i kontekst av menneskeleg læring Gjennomføre kvalitativ empirisk forsking forankra i kritisk teori og teknologiens politiske økonomi for å bidra til å utforme etiske rammer som kan gi informasjon til det politiske helhetsbildet innen KI-politikk og regulering av KI. I tillegg bidra til kompetanseheving innen ulike læringskontekster og belyse vilkåra for individuelle og kollektive handlingsmogleigheitar. Formidle forskingsresultat og delta i det offentlege rom gjennom ulike kanalar, for eksempel kronikker, vitskapelege artiklar, konferansebidrag, blogginnlegg e.l. Kvalifikasjonar og eigenskapar:Du må: ha relevant norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor eit eller fleire av følgande fagfelt, eller kombinasjonar av desse: sosiologi, statsvitskap, utdanningsvitskap/pedagogikk, vitskaps- og teknologistudiar (STS), medievitskap eller andre relevante fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje kunne dokumentere vedvarande engasjement for sosiale, politiske og etiske dimensjar ved KI i læringskontekster, med utgangspunkt i kritisk teori, filosofi eller historisk-materialistiske tilnærmingar, og ha vist evne til å omsetje konseptuelle rammeverk til styringsverktøy, politiske analyser eller strategiar for deltakende design i læringskontekster. arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre kunne arbeide i tverrfaglege team ha svært gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar Det er en fordel dersom du: kan dokumentere gode ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid Om postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling, med hovudformål å utvikle din forskingsprofil og kompetanse slik at du kan kvalifisere deg til å søke stilling som førsteamanuensis. Åremålsperioden for denne stillinga er tre år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Vi tilbyr:Ein unik moglegheit til å vere med å bygge opp eit nasjonalt KI-senter  Eit sterkt tverrfagleg forskingsmiljø og stort nasjonalt og internasjonalt nettverk Stilling som postdoktor (kode 1352) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 685 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.  Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde:Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga CV Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. Relevante attestar Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) Kopier av vitskaplege publikasjonar som du meiner bør takast hensyn til i vurderinga (maks 3) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon:Kontaktinformasjon:  Anja Salzmann, anja.salzmann@uib.no  Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.       Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.