Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du være med og forme framtida i Suldal

Suldal kommune Overordna oppvekst

Arbeidssted
SULDAL, SAND, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
24. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Prosjekt
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bygge framtidas klasserom? Suldal kommune søkjer lærar for fjernundervisningspilot  Suldal kommune satsar på framtida. Me skal sikra kvalifisert undervisning av høg kvalitet for alle elevane våre, same kva for ein skule i kommunen dei går på. No opprettar me ei 1-årig prosjektstilling med moglegheit for forlenging. Me søkjer deg som brenn for både pedagogikk og teknologi.  Om oss:   Suldalsskulane er seks ulike skular - frå mindre bygdeskular til større trinnmiljø - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet:  «Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»    Som vår nye fjernundervisningslærar vil du få ein unik sjanse – og stor fridom – til å forme både korleis denne ordninga skal fungera i praksis, og din eigen arbeidskvardag. Stillinga er tett på skulane og du skal saman med einingsleiarane finne dei gode løysingane. Stillinga vil rapportera direkte til kommunalsjef for oppvekst.  Du vil bli hovudmotoren i å etablere fjernundervisning mellom skulane våre. Det inneber at du får ansvaret for alt frå å byggje opp den tekniske riggen, til å setje den aller første prøveundervisninga ut i livet.  Sentrale arbeidsoppgåver  Drive fram etableringa av fjernundervisning i kommunen, både teknisk og praktisk.  Utvikle, kjøpe inn og setje opp nødvendig utstyr og teknisk «rigg» ute på skulane.  Planleggje og gjennomføre prøveundervisning i samarbeid med skulane.  Lære opp og rettleie lærarar og anna skulepersonell i bruk av utstyret.  Sørge for god kommunikasjon og administrasjon frå deg og ut til einingane.  Kvalifikasjonar  Du er utdanna lærar og har pedagogisk erfaring.  Du har vidareutdanning innan IKT eller anna relevant teknisk kompetanse.  Du har ei god teknisk og praktisk forståing, og evnar å sjå kva som fungerer i eit klasserom.  Det er ein fordel om du disponerer bil og har førarkort klasse B.  Personlege eigenskapar  Du har eit brennande ønske om å jobbe med og utvikle framtidsretta tekniske og pedagogiske løysingar.  For å lukkast i denne rolla må du trivast med å gå opp nye stiar. Du er sjølvstendig, initiativrik og har ei sterk gjennomføringsevne.  Sidan du vil jobbe tett med både leiing og tilsette ved dei ulike skulane, er det viktig at du har gode samarbeidsevner og kan engasjere dei rundt deg.   Me tilbyr  Ei nyskapande og spennande stilling.  Svært stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag.  Gode pensjons- og forsikringsordningar.   Kraftlaget – kva får du hos oss?  Arbeidsmiljø  Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.  Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.  Utviklingsmoglegheiter  Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.  Bu i Suldal  Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.  Hjå oss i Suldal kommune får du:  Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  Engasjerte og dyktige kollegaer  Bedriftshelseteneste  Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff  Andre opplysningar:  Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju  Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar  Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa  Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste  Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.