Kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift
Seljord Kommune
- Arbeidssted
- SELJORD, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og utvikle Seljord? Vi søkjer ein trygg og tydeleg kommunalsjef som kan skape retning, byggje gode lag og få ansvar omsett til handling.
Seljord ligg i hjartet av Telemark, der E 134 og riksveg 36 møtest. Kommunen har nær 3 000 innbyggjarar, sterk lokal identitet, aktivt næringsliv og store arrangement gjennom året. Her er det korte vegar mellom folk, fag og avgjerder, og du får ei leiarrolle der du kan bidra til gode tenester og klok utvikling.
Som kommunalsjef blir du del av kommunedirektøren si leiargruppe og får ei nøkkelrolle i å utvikle Seljord vidare. Du skal sikre god drift og bidra til heilskapleg samfunnsutvikling i samspel med tilsette, politisk nivå, innbyggjarar og samarbeidspartar.
Tenesteområdet samfunnsutvikling og drift har om lag 57 tilsette fordelte på 33 årsverk. Området omfattar fellestenester, reinhald, vedlikehald og drift, vatn, avløp, renovasjon og veg, brann, landbruk, plan- og byggesak, kultur og næring. Dette er eit breitt område med fleire samfunnskritiske oppgåver, tett på innbyggjarane og lokalsamfunnet.
Ansvarsområde
delta aktivt i den strategiske leiinga av Seljord kommune
ha overordna ansvar for drift, utvikling, kvalitet, økonomi og resultat innafor tenesteområdet
ha overordna ansvar for personale, budsjett og fag innafor tenesteområdet
førebu saker til politisk handsaming og leggje til rette for gode politiske prosessar og avgjerder
ha tett dialog med politikarar, innbyggjarar, næringsliv, utbyggjarar, tillitsvalde og andre samarbeidspartar
leggje til rette for medverknad, medbestemming og godt medarbeidarskap i tenesteområdet
vere prosjekteigar for større investerings-, utviklings- og driftsprosjekt
ha særskilt ansvar for kommunen sitt arbeid med kraft, energi og klima
Kvalifikasjonar
høgare relevant utdanning på masternivå.
lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, fortrinnsvis frå kommunal sektor eller anna offentleg verksemd
erfaring frå strategisk leiing, utviklingsarbeid og endringsprosessar
god økonomiforståing og kjennskap til budsjett- og styringsarbeid
god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon, fag og innbyggjarar
god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Seljord kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk
Vi ser etter deg som
er trygg, tydeleg og robust i leiarrolla
har strategisk blikk og evne til å sjå både detaljane og det store biletet
skaper retning, tillit og framdrift saman med andre
har stor arbeidskapasitet, god gjennomføringsevne og evne til å prioritere når mykje skjer samstundes
er utviklingsorientert og oppteken av samfunnsutvikling, drift og berekraftige løysingar
er open, lyttande og god til å byggje relasjonar
Vi legg stor vekt på personlege eignaheit.
Vi tilbyr
ei sentral leiarstilling i ein kommune med vilje til utvikling og omstilling
høve til å vidareutvikle gode tenester saman med dyktige medarbeidarar
gode utviklingsmoglegheiter i ei spennande og utfordrande stilling
løn etter avtale
gode pensjonsvilkår gjennom KLP og 10 ekstra leiardagar, jamfør HTA kap. 1 § 6.3
Oppstartstidspunkt etter nærare avtale.
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjarar blir varsla på førehand dersom ønsket ikkje blir teke til følgje.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkjarar må registrere relevant erfaring og utdanning i søknadsskjemae.
Seljord kommune ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.