100% stilling som rektor ved Jondal skule
Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning
- Arbeidssted
- ULLENSVANG, JONDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer no rektor på Jondal skule;
Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule, fjell og fjord. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått mange nybygg, og har pågåande oppgradering av uteområde. Skulen har i år 127 elevar, og SFO-avdeling med 26 elevar. Skule og SFO har 29 engasjerte og fagleg dyktige tilsette, som er opptekne av å skapa eit godt læringsmiljø for elevane, der alle skal få kjenne at dei høyrer til. Skulen har tett samarbeid med kulturskule, barnehage, Jondal leirskule, bibliotek og lokalt næringsliv. Dei er opptekne av god, variert og praktisk undervisning, som tilrettelegg for læring for heile mennesket.
Vi søkjer ein rektor som har høge ambisjonar for heile oppvekstsektoren. Denne stillinga gir deg utfordringar og spanande moglegheiter for utvikling.
Viser elles til heimesida.
Stillinga inkluderer overordna ansvar for personal og det pedagogiske ved Jondal leirskule.
Stillinga er ledig frå: 01.01.27.
Vår standard for rektorar;
Arbeidsoppgåver for rektor:
God verksemdsstyring: Sørge for effektiv drift av skulen.
Utfordra og støtta tilsette: Skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø som gjer tilsette i stand til å utføra arbeidet sitt effektivt og med engasjement.
Leia og utvikla læringsfellesskapet: Skapa ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø.
Omdømebygging: Vidareutvikla skulen sitt gode omdøme.
Samarbeid med FAU og føresette: Byggja og vedlikehalde eit godt og tillitsfullt samarbeid med føresette
Planleggja og gjennomføra opplæring: Sikra variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet med god progresjon.
Samarbeid
Bidra i leiarfellesskapet: Vere ein aktiv deltakar i leiarfellesskapet innan skule og kommunale satsingar.
Delta i lærarteam: Vere ein aktiv deltakar og bidragsyter i lærande fellesskap og lærarteam ved skulane.
Kvalifikasjonar for stillinga:Utdanning og formell kompetanse for det aktuelle skuleslaget, og erfaring frå grunnskule er ønskjeleg.
Erfaring som leiar frå skule og opplæring.
Vidareutdanning i utdannings-/skuleleiing er eit pluss.
Erfaring med å leia endrings- og medverknadsprosessar.
Kunnskap om nytt læreplanverk og ny opplæringslov.
Kompetanse i varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer.
God økonomiforståelse og erfaring med arbeid knytt til budsjett- og reknskap
Gode digitale ferdigheiter
Gode eigenskapar innan kommunikasjon både munnleg og skriftleg
Personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar:
Positivt menneskesyn: Du ser det beste i andre menneske.
Klare tankar om den gode skulen: Du veit kva som gjer ein god skule og kan setja det ut i praksis.
Ambisiøs for elevane og skulen: Du har høge forventningar til elevane og skulen sin suksess.
Tek tydeleg ansvar, er synleg og lyttande: Du er til stades og tek omsyn til andre.
Utviklingsorientert og målretta: Du jobbar for å forbetra og nå mål.
God og trygg leiar: Du byggjer gode relasjonar og kommuniserer tydeleg med elevar, foreldre og tilsette.
Verdi av lagånd, openheit og tillit: Du forstår betydninga av samarbeid og gjensidig respekt.
Byggjer gode læringssystem: Du er oppteken av å etablera gode læringsmiljø på alle nivå.
Bidreg til heilskapen: Du ser oppdraget ditt som ein del av å forbetra heile Ullensvangskolen og oppvekstsektoren.
Vi tilbyr
Fagleg fellesskap: Støtte gjennom nettverksmøter for nye rektorar og deltaking i eit sterkt rektorkollegium.
Merkantil støtte: Tilgang til merkantil støtte som tek vare på personvern og GDPR.
Tverrfagleg team: Eit tverrfagleg team er tilgjengeleg for å hjelpa skulen med utfordringar og samordna tenester ved behov.
Ressursteam: Ressursteam som har som mål å bidra til tidleg innsats og tverrfagleg fokus hos born og unge. Dette teamet er knytt til fritida til elevane, med deltakarar frå ulike tenester internt i kommunen og politiet.
Leiarutvikling: Moglegheiter for leiarutvikling gjennom både formelle og uformelle aktivitetar.
Vilkår
Løn: Etter avtale
Pensjon og forsikringar: Gode ordningar
Oppstart: Etter avtale
Til søknaden skal relevante vitnemål og attestar leggjast ved.
Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
Alle søkjarar vert sett opp på ei offentleg søkjarliste. Det kan søkjast om anonymitet, men det må liggja føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør offentlighetsloven § 25.
Kontaktperson; Anna Maria Kråkevik, e-post: anna.maria.kraakevik@ullensvang.kommune.no eller mobil: 97078337
Velkomen som søkjar hjå oss i Ullensvangskulen!
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.