Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Tilkallingsvikarar

Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune

Arbeidssted
HARAM, VATNE, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode". Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord. Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne. Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. ArbeidsoppgåverArbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer. Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om Følge opp den rettleiinga ein får Ansvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar  KvalifikasjonarDen som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest. Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27. Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar blir vektlagt Personlege eigenskaparVi søker deg som: Har eit ønske om å arbeide med barn Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Trivast i ein aktiv kvardag Er glad i å vere ute Er positiv, fleksibel og løysingsorientert Vi tilbyrGivande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når Tilgang til kurs og kompetansehevande tiltak Løn etter tariff Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar KontaktinformasjonGro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no ArbeidsstadGjerdebakken 55 6265 Vatne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5183396589 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 12.10.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 01.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.