Rektor Oppstryn skule og barnehage
Stryn Kommune
- Arbeidssted
- STRYN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du vår nye rektor ved Oppstryn skule og barnehage ?
Vi søkjer ein leiar som ønskjer å vidareutvikle eit samla oppvekstsenter med fokus på læring, inkludering og samarbeid saman med tilsette, føresette og lokalsamfunnet.
Oppstryn skule og barnehage er samlokalisert som oppvekstsenter med 1-7 skule med skulefritidsordning / SFO og barnehage. Oppvekstsenteret ligg på Hjelle i Oppstryn i Stryn kommune og er samlokalisert. Bygget er av god stad, har vore jamnleg vedlikeholdt og modernifisert. Oppvekstsenteret ligg flott plassert med nydeleg utsikt mot Oppstrynsvatnet og ved sidan av idrettsbana og ballbingen i Oppstryn. Skulen har i dag 24 elevar og det er knytt omlag 5 årsverk fordelt på 7 tilsette i skule og SFO. Barnehagen har ei aldersblanda avdeling med 15 born og det er omlag 5 årsverk fordelt på 6 tilsette.
Samlokaliseringa gir gode moglegheiter for heilskapleg arbeid med overgangar og oppvekstløpet for barn og elevar.
Oppstryn byr på unike moglegheiter for friluftsliv, aktivt bygdemiljø og gode oppvekst vilkår. Oppvekstsentert ligg nær turområde og areal godt eigna for uteskule, bålbrenning og anna uteaktivitet.
ArbeidsoppgåverRektor har det faglege og administrative ansvaret for skule, SFO og barnehagen. I rektorstillinga ligg det ein undervisningsdel. I det administrative ansvaret ligg ansvar for økonomi og personalansvar for alle tilsette. Rektor må leie og motivere dei tilsette i sitt daglege arbeid og har ansvar for at skulen og barnehagen blir driven i samsvar med politiske føringar og gjeldande lovverk. KvalifikasjonarKrav om høgare skulefagleg pedagogisk utdanning og praksis innan skule.
Administrativ leiarutdanning, gjerne rektorutdanning og/eller leiarerfaring vert føretrekt
IKT kompetanse
Personlege eigenskaparEvne til å inspirere og motivere gjennom si leiing slik at oppvekstsenteret kan løyse oppgåvene sine
Erfaring frå anna leiing og utviklingsarbeid i oppvekstsektoren vil vere ein fordel
Gode samarbeidsevner
Ryddig og påliteleg
Du er effektiv, strukturert og har evne til å gjere sjølvstendige vurderingar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen
Vi tilbyrGod pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
Løn etter avtale
Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato
NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune
KontaktinformasjonIngrid Sylvia Renberg, Kommunalsjef oppvekst , 95161165
Arbeidsstad
6798 Hjelledalen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5175002206
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.