Sjukepleiar, nattstilling ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter -vikariat
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
- Arbeidssted
- GISKE, VALDERØYA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi har ledig eit vikariat på natt i om lag 47 % stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt frå snarast og t.o.m.31.08.2027. Stillinga er knytt til avdelingane ved Giske omsorgssenter og inngår for tida i årsturnus med arbeid kvar 3. helg. Det er mogleg å auke stillinga.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
ArbeidsoppgåverSjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
Bidra til eit godt omdømme.
KvalifikasjonarOffentleg godkjenning som sjukepleiar.
God digital kompetanse.
Sertifikat for bil.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskaparFleksibel, løysingsorientert og innovativ.
Gode samarbeidsevner.
Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyrTverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar og langtidspasientar.
Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbedringsteam.
Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
KontaktinformasjonJanita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535
Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316
ArbeidsstadValderøya
6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5172503522
Stillingsprosent: 46,95%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 28.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.