Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fagarbeidar Lidar skule

Øystre Slidre kommune

Arbeidssted
ØYSTRE SLIDRE, HEGGENES, INNLANDET
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Lidar barneskule har om lag 100 elevar frå 1.-7. trinn. Det er sju klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring. Vi organiserer oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper. Lidar skule har ledig vikariat som fagarbeidar 50% stilling frå no og ut skuleåret. Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar. Merk i søknaden om du ynskjer vikariat eller tilkalling.  ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette Arbeid på SFO er ein del av stillinga KvalifikasjonarDet er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge Du ynskjer å bidra til at barn og unge opplever ein meiningsfull kvardag ved å sjå kvart enkelt born, og du har interesse for sosialt sampel og læring  Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11 Personlege eigenskaparVi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar  Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt  vektlagt Vi tilbyrEin spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø Løn etter tariff    Gode forsikrings- og pensjonsvilkår Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen KontaktinformasjonSissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5185668698 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.