Vil du vere med og skape trygge netter for våre bebuarar?
Suldal kommune Suldal sjukeheim
- Arbeidssted
- SULDAL, SAND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om Suldal sjukeheimMe har to pleieavdelingar med totalt 38 rom
Me har årsturnus
Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
Om stillingaStillingsstorleik: 92 %
Stillingstype: fast
Turnus: arbeid kvar 3. helg, langvakter i helg
Oppstart: 01.12.26
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig ArbeidsoppgåverUtøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen
KvalifikasjonarAutorisasjon som helsefagarbeidar
Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt
Gode datakunnskapar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:Er trygg og sjølvstendig i faglege vurderingar
Tek ansvar og arbeider strukturert
Er lærevillig og nysgjerrig på velferdsteknologi
Bidreg positivt til arbeidsmiljø og samarbeid
Tilsett i Suldal kommuneHelsefagarbeidarar får eit tillegg på kr. 10.000
Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside
Me har gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
Me har bedriftshelseteneste
Me har løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Me har nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysingarAktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste
Slik søkjer duMe ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju
Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.