Prosjektleiar vegprosjekt
Prosjekt veginvestering [Prosjekt_veginvestering], Møre og Romsdal fylkeskommune
- Arbeidssted
- KRISTIANSUND, KRISTIANSUND N, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 9. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søker etter prosjektleiar for fleire spanande vegprosjekt i fylket
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Som prosjektleiar vil du leie i ein prosjektorganisasjon med mellom anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. Prosjektleiar styrer på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og byggefasen.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, Veginvestering, Fv. 60 Tomasgard – Røyrhus, tunneloppgradering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
ArbeidsoppgåverSom prosjektleiar vil du:
Styre ei prosjektportefølje med prosjekt av ulik størrelse og kompleksitet
Leie prosjekt gjennom alle fasar frå planlegging og prosjektering til gjennomføring og overlevering.
Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
Ha personalansvar for byggherreorganisasjonen din. Leie og motivere dei og sørge for effektiv kommunikasjon og kunnskapsdeling.
Rapportere til prosjektsjef og bistå i styringa av seksjonen. Kvalifikasjonar
Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag
Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
Erfaring i gjennomføring av prosjekt innan anlegg, veg eller bygg
Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel
God kjennskap til digitale verktøy
Førarkort klasse B Personlege eigenskapar
Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
Du er utviklings- og løysningsorientert
Du er ein lagbyggar med gode leiareigenskapar Vi tilbyrEi utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
Løn etter avtale KontaktinformasjonTorbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
Ole Jan Tønnesen, Fylkesvegsjef, 92029592, ole.jan.tonnesen@mrfylke.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5195085782
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.