Driftsmedarbeidar bygg og eigedom
Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS
- Arbeidssted
- BØMLO, BREMNES, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Me søkjer ein praktisk og allsidig driftsmedarbeidar med erfaring frå bygg og vedlikehald. Stillinga omfattar dagleg drift, tilsyn og vedlikehald av BKE sine bygg og eigedomar, både innvendig og utvendig. Du vil arbeide tett saman med driftsansvarleg, som også vil vere din næraste overordna.
Hva vi ser etter
Me ser etter deg som har erfaring frå bygg, vedlikehald eller handverksfag, og som trivst med praktisk og variert arbeid.
Fagbrev innan byggfag, målarfaget eller anna relevant handverksfag er ein fordel, men relevant praktisk erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. Du må ha førerkort kl. B.
Arbeidsoppgaver
Praktisk vedlikehald, mindre reparasjonar og bygningsmessige utbetringar
Måling, overflatebehandling og anna innvendig og utvendig vedlikehald
Plenklipping, stell av grøntområde og anna vedlikehald av uteareal
Tilsyn med bygg, eigedomar og tekniske anlegg
Registrering og oppfølging av feil og vedlikehaldsbehov i BKE sitt FDV system
Kontakt med leigetakarar, brukarar og leverandørar
Ved behov praktisk oppfølging av handverkarar og eksterne tenesteleverandørar
Bestilling av materiell og mindre arbeid innanfor avtalte rammer
Bidra til å ivareta den daglege drifta ved fråvær hos driftsansvarleg
Vi tilbyr
Ei stilling med ein variert arbeidskvardag og mange ulike oppgåver innan bygg, eigedom og vedlikehald
Eit godt og uformelt arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid
God opplæring og støtte frå kollegaer
Løn og arbeidsvilkår etter avtale
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.