Barnehagelærar - pedagogisk leiar
Fogn barnehage (7), Stavanger kommune
- Arbeidssted
- STAVANGER, FOGN, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Fogn barnehage søkar etter barnehagelærar
Fogn barnehage består av ein avdeling og er ein del av eit oppvekstsenter. Det vil seie at barnehage, skule og SFO er i same bygg og gir unike moglegheiter til samarbeid på tvers. Du vil, som pedagogisk leiar, ha store moglegheiter for å bruke din pedagogiske kompetanse og kreativitet i møte med barn. Barnehagen ligg sentralt på øya Fogn i Ryfylke med landlege omgjevnadar og unike muligheiter til aktivitetar ute.
Fogn oppvekstsenter har ekstra fokus på inkluderande fellesskap og me ser etter deg som er sjølvstendig og leikande i møte med barn. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på laget på Fogn oppvekstsenter!
Som utdanna barnehagelærar får du i tillegg eit arbeidsstedstillegg på 50.000,- i året for å jobbe på Fogn oppvekstsenter.
ArbeidsoppgaverSamarbeide i team med den andre pedagogen om det pedagogiske innhaldet i barnehagen.
Planlegge og gjennomføre arbeidet på avdelinga.
Ansvar for å gi barna god omsorg og å vere ein god rollemodell.
Arbeide i tråd med gjeldande planar og styringsverktøy.
Bidra til utvikling og kompetanseheving
Samarbeide med føresette, tilsette og leiinga.KvalifikasjonerUtdanning som barnehagelærar.
Leie, inspirere og rettleie medarbeidarar på avdelinga.
Beherske norsk skriftleg og munnleg. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2. Gjeld ikkje søkarar med skandinavisk morsmål.
Kjennskap til digitale ferdigheiter er ein fordel.Personlige egenskaperDu er ein autoritativ vaksen
Du er reflektert og åpen for å lære i lag med andre
Du arbeidar målretta og meistrar å arbeide sjølvstendig
Du er ansvarsbevisst og kan sjå heilheitleg på arbeidet i barnehagen
Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
Du har god sosial kompetanse og gode samarbeidsevnerVi tilbyrEit utviklande og fagleg miljø
Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
Engasjerte og dyktige kollegaer
Støtte og rettleiing i utvida profesjonsfellesskap og i kollegiet
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn i tråd med gjeldande tariff i tillegg til lokalt arbeidsstedstillegg på 50.000,-KontaktinformasjonAlice Helgøy, Verksemdsleiar, 93093077, alice.helgoy@stavanger.kommune.no
ArbeidsstedLiane 1
4164 Fogn
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Stavanger kommune
Referansenr.: 5191269688
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.