Helsefagarbeidarar
Masfjorden kommune
- Arbeidssted
- MASFJORDEN, HOSTELAND, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om stillinganeMasfjorden kommune søkjer etter to helsefagarbeidarar i 100% faste stillingar frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta.
Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.
Me ser etter deg som Er helsefagarbeidarar med autorisasjon
Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med på å gje dei ein stabil og god kvardag
Har godt humør er raus og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Kan delta i alle arbeidsoppgåver
Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norskprøve B1 helsefag/B2 sjukepleie
Har førarkort klasse B
Søkjarar utan fagutdanning kan verte vurderte dersom dei er villige til å ta helsefagarbeidarutdanning
Me tilbyr Ein interessant og utfordrande jobb saman med
Dyktige kollegaer
Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
Varierte arbeidsoppgåver
Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket + 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
For stillingane gjeldTurnus med dag og kveldsarbeid og kvar tredje helg
Krav om politiattest
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.