Vil du vere ein del av hjarta i Suldal kommune
Suldal kommune Organisasjon og innbyggarkontakt
- Arbeidssted
- SULDAL, SAND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 26. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Konsulent/spesialkonsulent 100 % fast stilling
Organisasjon og innbyggarkontakt (OI) søkjer ein engasjert og strukturert konsulent/spesialkonsulent i 100 % fast stilling. Dette er ei stilling for deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å ha orden og oversikt, og ønskjer å bidra til at kommunen leverer gode tenester.
Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø,
«Det beste med jobben min er å jobbe saman med fantastiske kollegaer. Eg likar at jobben er variert, og at eg får lære nye ting og utvikle meg både fagleg og personleg. Det gjer jobben både interessant og meiningsfull.» Kollega i Organisasjon og innbyggarkontakt.
Kva skal du jobbe med?
Arbeidsoppgåvene omfattar:
administrativ støtte til einingsleiarar innan blant anna helse og oppvekst
personalmeldingar og andre merkantile oppgåver
fakturering og oppfølging av refusjonar
personvern (personvernombod for Suldal kommune)
arbeid i ulike fagsystem, blant anna i sak og arkivsystemet vårt Elements
oppfølging av rutinar og administrative prosessar
postføring, journalføring og kvalitetssikring
andre administrative oppgåver ved behov
Arbeidsoppgåvene kan utvikle seg og bli endra i takt med kommunen sine behov.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som:
har relevant høgare utdanning, gjerne innan administrasjon, økonomi eller offentleg forvaltning
har god digital forståing og lærer nye system raskt
kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og munnleg (minimum nivå B2)
er strukturert, nøyaktig og serviceinnstilt
Det er ein fordel om du har kjennskap til:
offentlegheitslova og arkivregelverket
personvern og teieplikt
kommunal organisering og saksbehandling
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
arbeider systematisk og har orden i arbeidet
tek ansvar og føl opp oppgåver på ein påliteleg måte
trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
er løysingsorientert, fleksibel og serviceinnstilt
tek initiativ og handterer fleire oppgåver samstundes
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Kvifor velje oss?
I Organisasjon og innbyggarkontakt er trivsel, samarbeid og utvikling ein naturleg del av kvardagen. Me hjelper kvarandre, deler kunnskap og finn løysingar saman.
Hjå oss får du:
eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
moglegheit for fagleg utvikling
fleksitidsordning
gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
arbeidsplass sentralt plassert i kommunehuset på Sand
Praktisk informasjon
Stilling: Konsulent/spesialkonsulent
Stillingstype: Fast
Stillingsstorleik: 100 %
Oppstart: 1.januar 2027
Vil du vite meir?
Høyr gjerne på podkasten Kraftlaget, der du møter medarbeidarar og leiarar i Suldal kommune og får eit innblikk i arbeidskvardagen vår. Første episode handlar om OI.
Send søknaden ved å gå inn på knappen "søk her".
Me gler oss til å høyre frå deg og ønskjer deg velkomen som søkjar i Suldal kommune.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.