Vil du vera med å leia eit av dei fremste fagmiljøa innan fartøyvern i Noreg?
Hardanger Fartøyvernsenter
- Arbeidssted
- KVAM, NORHEIMSUND, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vera med å leia eit av dei fremste fagmiljøa innan fartøyvern i Noreg?
Me søkjer leiar for fartøyverneininga vår, som er den største av fire einingar ved HFS. Dette er ei sentral leiarstilling med ansvar for fag, personale, prosjekt og økonomi i ei av dei største fartøyvernverksemdene i landet. Næraste overordna er avdelingsleiar ved HFS.
Fartøyverneininga utfører restaurering, vedlikehald og dokumentasjon av historiske fartøy for eigarar frå heile landet. Verksemda omfattar både større restaureringsprosjekt, vedlikehaldsoppdrag, rådgjeving og dokumentasjonsarbeid. HFS har eit sterkt fagmiljø innan tradisjonell trebåtbygging, skipstømring og maritimt handverk, og spelar ei viktig rolle i utviklinga av fartøyvernfaget nasjonalt.
Som einingsleiar får du ansvar for å leia og vidareutvikla fartøyverneininga i tråd med HFS sine strategiske mål. Du vil arbeida tett saman med avdelingsleiar, fagansvarlege og handverkarar, og vera ein viktig representant for Hardanger fartøyvernsenter i møte med kundar, samarbeidsaktørar og fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
personalansvar for tilsette og lærlingar i fartøyverneininga
overordna ansvar for planlegging og gjennomføring av restaurerings- og istandsettingsprosjekt
budsjettansvar og oppfølging av økonomi, ressursbruk og lønsemd
utarbeiding og kvalitetssikring av kostnadsoverslag
kundekontakt og oppfølging av kontraktar og avtalar
sikra fagleg kvalitet i fartøyvernprosjekta og etterleving av antikvariske prinsipp
representera Hardanger fartøyvernsenter i relevante fagnettverk og samarbeidsforum
vera del av leiargruppa ved HFS
Kvalifikasjonar
relevant utdanning innan leiing, kulturvern, handverk eller tekniske fag
relevant realkompetanse kan kompensera for formell utdanning
økonomiforståing og erfaring med prosjektstyring
Det er ein fordel om du har
fagkompetanse innan fartøyvern, trebåtbygging, skipstømring eller anna relevant tradisjonshandverk
erfaring frå restaurering av fartøy
kjennskap til antikvariske prinsipp og kulturminneforvaltning
erfaring frå oppdragsbasert verksemd
erfaring frå offentleg forvaltning eller museumssektoren
etablert nettverk innan kulturvern- eller fartøyvernmiljøet
Personlege eigenskapar
tydeleg og inkluderande leiarstil
gode samarbeidsevner og evne til å byggja tillit
strukturert og løysingsorientert
god gjennomføringsevne
evne til å kombinera fagleg kvalitet med effektiv ressursbruk
interesse og engasjement for kulturvern og tradisjonshandverk
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Me kan tilby
Ei spanande og utviklande leiarstilling ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra. Du får arbeida i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan tradisjonelt maritimt handverk og kulturvern, og vera med på å forma utviklinga av fartøyvernfeltet vidare.
Hardanger fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Hardanger og Voss museum er tilknytta tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar".
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta avdelingsleiar ved HFS, Sjur Tarjei Fykse på telefon 97 66 56 55.
Send søknad med CV og referansar til personal@hvm.museum.no innan 22.11.2026.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.