Klinisk pedagog
BUP Haugesund
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Brenn du for faget ditt, liker å engasjere deg og deler gjerne kunnskapen din med andre? Då kan du vere pedagogen vi leiter etter! Hos oss blir du ein del av eit engasjert og dyktig fagmiljø, der rause og trivelege kollegaer støttar og inspirerer kvarandre kvar dag.
No har vi eit ledig vikariat i 100 % stilling ved poliklinikken. Stillinga er knytt til arbeid med barn frå 5 år og oppover. Vi ønskjer oss ein entusiastisk og engasjert spesialpedagog som kan vere med å styrkje fag og pasientforløp. Søker må ha erfaring fra BUP, PPT eller liknande.
Vi nyttar varierte og kunnskapsbaserte behandlingsmetodar som B4DT (4-dagars), DBT, TF-CBT og EMDR. I tillegg tilbyr vi psykoedukasjonsgrupper, musikkterapi, recovery-kurs med erfaringskonsulent og hundeterapi – alt for å sikre eit heilskapleg behandlingstilbod for barna og ungdommane vi møter.
Her får du høve til å gjere ein forskjell for barn og unge, i eit spennande arbeidsmiljø med eit sterkt fagleg fokus. Som ein del av vårt team får du nødvendig opplæring, kurs og vidareutdanning, slik at du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Hos oss får du høve til å bidra aktivt i fagutvikling og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod.
Ein arbeidsplass der samarbeid står i sentrum
Å jobbe med barn og unge inneber tett samarbeid med foreldre, skular og andre instansar. Difor ser vi etter deg som er god på samhandling, og som evnar å vere fleksibel når planane må justerast etter situasjonen. Vi legg stor vekt på å sikre samanhengande pasientforløp på tvers av tenester, slik at tilbodet i førstelinja og hos oss utfyller kvarandre heller enn å overlappe.
Trivsel og fagleg utvikling
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø der vi set pris på kvarandre.
Vi legg til rette for både fagleg og sosial utvikling gjennom:
🍽️ Felleslunsjar - der vi samlast og bygger gode relasjonar
📚 Fagdagar - for fagleg påfyll og vidareutvikling
💪 Tilbod om felles trening i arbeidstid - for å fremje både fysisk og mental helse
🌟 Hyggelege kveldsarrangement - fordi trivsel på jobb også handlar om gode opplevingar saman
Her får du ein jobb der du kan utvikle deg fagleg, bidra til noko meiningsfullt – og samtidig trivast på jobb! 👉 Søk i dag – vi gler oss til å møte deg!
Ring gjerne til funksjonsleiarar Margrethe R. Aase eller Marit Ness om du vil vite meir om stillinga.
Kva går jobben ut på?Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverk.
Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Vi søkjer primært etter klinisk pedagog med erfaring frå arbeid i BUP.
Krav:
Relevant pedagogisk utdanning på masternivå.
Erfaring frå BUP, PPT eller tilsvarande utgreiings- og oppfølgningstenester.
Gode norskkunskapar, både munnleg og skriftleg.
Det er ønskjeleg med:
Erfaring frå arbeid i BUP.
Munnlege engelskkunnskapar.
Erfaring frå multikulturelt og fleirspråkeleg arbeid.
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med klinisk pedagogisk kompetanse, kan det vere aktuelt å tilsetje søkjarar med spesialpedagogisk utdanning eller anna relevant pedagogisk masterutdanning, kombinert med erfaring frå BUP, PPT eller tilsvarande verksemd.
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
Har evne til samarbeid og formidling av kunnskap internt og eksternt.
Er god til å bygge trygge, støttande og tillitsfulle relasjonar til barn og unge.
Arbeider strukturert og sjølvstendig.
Er kreativ, nytenkjande og fleksibel.
Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team. Personleg presentasjon, CV og referanser blir også vektlagd i rekrutteringsprosessen.
Vi tilbyrEit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
Arbeid i tverrfaglege team.
Moglegheit for kompetanseheving.
Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.
Litt om oss
BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).
Vi har poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpostane har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri.
KontaktinformasjonGeorg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar BUP Haugesund, +47 52732850
Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar poliklinikk, +47 52732850
Margrethe R. Aase, Funksjonsleiar poliklinikk, +47 52732850
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, +47 41889114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
ArbeidsstadVinjes gate 10
5522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5150446400
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.