Brannkonstabel m/ funksjon som L-1.4 - fast 2,42% (deltid) - Knarvik stasjon
Alver kommune
- Arbeidssted
- ALVER, ISDALSTØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. des. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaMe har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som tankbilsjåfør knytt til Knarvik stasjon.
Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar. Stillinga har ein storleik på 2,42%.
Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd
Om NHBRNordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar.
Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining.
Operativ eining er fordelt på fem brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, og to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering.
ArbeidsoppgåverVere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
Operative oppgåver/utrykkingar
Sjåfør på tankbil og røykdykkar
Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt ferdigeheitar og kompetanse
Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr
Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga
Kvalifikasjonskrav Godkjendt røykdykkar
Fullført og bestått aspirantkurs
Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav)
Godkjent helsekontroll
Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding
Bustad maks 10 minutt frå stasjonen
Fysisk og psykisk skikka til stillinga
Førarkortklassar B, C og E-160 kompetansebevis for utrykkings køyring
Mestre norsk munnleg og skriftleg
Kandidatar med lengre avstand til stasjonen kan bli vurdert der det er moglegheit for intern rokkering av ressursar. Kandidatar som ikkje har E-160 kompetansebevis kan bli vurdert for stillinga.
Me tilbyrSpennande og utfordrande arbeidsplass med samfunnsviktig funksjon
Lønn- og tilsetjngsforhold etter lov- og avtaleverk
Tilsett kan også bli nytta i andre funksjonar (under føresetnad av nødvendig kompetanse/opplæring)
Politiattest I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Våre forventningar til degVi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing.
Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere.
Har forståing for risiko ved køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil.
Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.