Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog/Sosionom

DØGNSEKSJON PHBU MOLDE OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
14. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
4

Stillingsdetaljer

Vil du bli vår nye kollega? Vi søkar deg som har lyst til å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit sterkt fagmiljø. Hjå oss får du spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.  Er du motivert for å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar? Trivast du i ein kvardag som kan vere både hektisk og variert, der du får jobbe tverrfagleg saman med dyktige kollega – og der god pasientbehandling alltid står i sentrum? Då er du den vi ser etter. Då er er du velkomen til å søke! Vi har ledig følgjande stillingar med p.t turnus dag/kveld og arbeid kvar tredje helg. Ved eventuell intern rokering kan anna stillingsprosent og stillingstype verte ledig. Oppgi gjerne i søknaden kva stilling som er aktuell for deg.    80% fast stilling frå 14.09.26 for sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar/psykiatrisk vernepleiar   50% vikariat frå 16.11.2026 - 11.10.2027 for sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar/psykiatrisk vernepleiar  66% vikariat frå 05.10.2026 - 11.05.2027 for sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar/psykiatrisk vernepleiar, p.t natt-turnus og arbeid kvar tredje helg. 100% vikariat frå snarast - 29.06.2027 for barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar, eventuelt med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus.  Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon i Ålesund.  Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for augeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar. Eininga gir eit tilbod for barn og ungdom i heile Møre og Romsdal fylke. Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi tek imot pasientar med ulike psykiske lidingar og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling. Vi er godkjent for tvungen psykisk helsehjelp.  Behandlinga vert individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er grunnpilaren i tilbodet vårt. Vi legg stor vekt på samarbeid med foreldre og/eller andre pårørande, og det er ei forventing at dei er tilstades og deltek under innlegginga.    I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter. ArbeidsoppgåverMiljøterapi    Delta i mini-team og følgje opp avtalt behandlingsopplegg for pasient    Mottak og utskriving av pasientar    Samhandling med andre seksjonar    Medverke til fagutvikling    Praktiske oppgåver i eininga  KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. For vikariat i 100% stilling, utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller sosionom Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid kan bli vektlagd  Beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftleg  Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge, og særleg innan psykisk helsevern og/eller miljøterapi Personlege eigenskaparDu trivast med å jobbe i tett samarbeid med både kollega, pasientar og pårørande, samtidig som du kan vere sjølvstendig    Du har arbeidshelse til å handtere ein tidvis hektisk og krevande kvardag   Du er oppteken av frivillegheit og brukarmedverknad    Du er inkluderande og raus med dine kollega, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø    Du er punktleg og påliteleg  Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting   Vi tilbyr Hjå oss får du jobbe i ei eining der faget står i fokus. Arbeidskvardagane er varierte, både med tanke på belastning og arbeidsoppgåver. Kollegane dine har ulik fagbakgrunn, erfaring og alder. Vi utfyller kvarandre på ein god måte til det beste for pasientane våre Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonBeate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no ArbeidsstadGeilebergvegen 18 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5171304403 Stillingsprosent: 80, 50, 66, 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 14.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.