Sjukepleiar/vernepleiar som trivast med å arbeide på natt!
Hjemmetjenester Midt-Telemark
- Arbeidssted
- MIDT-TELEMARK, BØ I TELEMARK, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Har du lyst å vere ein del av eit natteam der du utfører sjukepleieroppgåver både ute i kommunen og inne på
institusjon?
I natt teamet jobbar det 4 tilsette saman kvar natt. Teamet bestend av to sjukepleiarar og to helsefagarbeider. Den eine sjukepleiaren er stasjonert i Bø i lokala til
omsorgsbustader knytt til sjukeheimen. Denne sjukepleiaren skal ikkje ha fast
arbeidsliste på natt, men ha fokus på sjukepleieoppgåvene, som til dømes
terminal pleie, antibiotika intravenøst, sjukepleieprosedyrer, akutte hendingar
og liknande. To pleiarar handterer oppdraga som er ute i distriktet som ligg
innunder heimetenesta og vedtak dei har. Feks medikamentshandtering,
tryggleiksalarmar og liknande, og ein jobbar i heildøgnsbemanna
omsorgsbustader.
Stillingane er med arbeid tredje kvar helg. Heimetenesta har årsturnus
som gir god oversikt og fleksibel arbeidskvardag.
Ei vanleg nattevakt som sjukepleiar/vernepleiar på natt kan sjå slik ut:
Arbeidsoppgåvene er som regel både spennande og overkommeleg, men ein
veit aldri kva natta kan bringa fram av oppgåver til oss. Har nokon falt? Treng
nokon antibiotika intravenøst? Er det ein PVK som trengs å bytast? Skjer det ei
akutt hending? Har me nokon som er i den siste fasen av livet? Kanskje det er
ein pårørande som treng nokon å snakka med? Oppgåvene kan vera mange og
varierte. Ingen natt er lik.
Du må derfor bruka den faglege kompetansen din for å omprioritera og vera
løysingsorientert for å utføra helsehjelpa forsvarleg. Det blir forventa at man
jobbar effektivt og målretta og at man har pasientens beste som fokus. Kva er
viktig for pasienten er visjon vi jobbar med.
Om du i tillegg er god på
sjukepleiefaget og har stort fokus på prosedyrer, dokumentasjon, tiltak og mål
så håper vi verkeleg at du søker hos oss.
ArbeidsoppgåverSjukepleieprosedyrar
Heilhetleg sjukepleie
Medisinhåndtering
Journalføring og dokumentasjon
KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, er du ferdig utdanna sjukepleiar/vernepleiar i år så er du òg hjarteleg velkommen til å søkja.
Førarkort kl. B
Ønska kompetanse
Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Midt Telemark kommune
Er du interessera i velferdsteknologi og fagleg utvikling blir me endå meir nysgjerrige på akkurat deg
Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Særskilde krav
Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskaparDu er effektiv og løysingsorientert
Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst, men som og søkjer samarbeid for å nå best mogleg resulta
Du bidreg med godt humør og godt arbeidsmiljø, både på eiga avdeling og i heile verksemda.
Du har gode fagkunnskapar og tek ansvar for å utvikla eigen kompetanse, samtidig som du bidreg til læring i heile arbeidslaget på avdelinga.
Du samarbeider godt med kollegaer, pasientar , pårørande og andre samarbeidspartnarar.
Personleg eigenskapar tilleggast stor vekt.
Vi tilbyrFunksjonstillegg for nattsjukepleiar/vernepleiar på kr 20 000,- i året, prosentjusterast etter stillingsprosent
Du får ein dedikert mentor som kan svare på spørsmål og gje råd
E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
KontaktinformasjonElisabeth Josefsen-Reisjå, Avdelingsleiar, +47 99358302
ArbeidsstadGamleveg 46
3802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5196953642
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.