Rettleiar IPS
Nav Region Voss og Hardanger
- Arbeidssted
- VOSS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
I Nav Region Voss og Hardanger arbeider vi kvar dag for at fleire menneske skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet.
Hos oss møter du engasjerte fagfolk som trur på at arbeid kan vere ein viktig veg til betre psykisk helse, meistring og livskvalitet.
No søkjer vi ein IPS-jobbspesialist som ønskjer å vere med på dette viktige samfunnsoppdraget.
Kan det vere deg?
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan arbeidsinkludering og tett samarbeid mellom helse- og arbeidstenester. Saman arbeider vi målretta for å finne moglegheiter framfor avgrensingar og skape varige resultat for menneske som treng støtte på vegen inn i arbeidslivet.
Hos oss får du kombinere relasjonsbygging, fagleg arbeid og samfunnsengasjement i ei rolle der du faktisk kan sjå forskjellen du gjer for andre.
Om stillinga
Dette er ei variert og sjølvstendig rolle der du arbeider tett på menneske som ønskjer å kome i arbeid, samtidig som du byggjer relasjonar med arbeidsgjevarar og samarbeider med fagmiljø innan helse og Nav. Arbeidshverdagen er oppsøkjande, dynamisk og prega av tett kontakt med både deltakarar, samarbeidspartnarar og lokalt arbeidsliv.
Stillinga er delt mellom Bjørkeli DPS på Voss og Fonna DPS i Odda, og omfattar deltakarar frå kommunane Ullensvang, Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Du jobbar etter metoden Individual Placement and Support (IPS), ein kunnskapsbasert metode for arbeidsinkludering av personar med psykiske helseutfordringar. Målet er å hjelpe fleire inn i arbeidslivet og vidare i livet gjennom arbeid.
Kva går jobben ut på?følgje opp deltakarar etter IPS-metodikken med mål om ordinært arbeid
kartleggje ressursar, interesser og jobbønske
oppsøkje og samarbeide med arbeidsgjevarar i lokalt næringsliv
bistå med jobbsøking, CV og førebuing til jobbintervju
gje individuell oppfølging både før og etter tilsetjing
samarbeide tett med behandlarar, Nav-rettleiarar og andre fagpersonar
dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande krav
ha ansvar for framdrift og oppfølging i eiga portefølje med om lag 20 arbeidssøkjarar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha
fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan sosiale fag, pedagogikk eller leiing. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
erfaring med eller kompetanse innan rettleiing og oppfølging av menneske
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har
erfaring frå arbeid med menneske med psykiske helseutfordringar
erfaring med arbeidsinkludering og oppsøkjande arbeid retta mot arbeidsgjevarar
erfaring frå tverrfagleg samarbeid
kunnskap om arbeidsmarknaden i Voss- og Hardangerregionen
Kva ser vi etter hos deg?er ein god relasjonsbyggjar og skaper tillit hos både deltakarar og samarbeidspartnarar
er initiativrik og trivst med arbeidsgjevarkontakt
er sjølvstendig og trygg i å planleggje og leie eigen arbeidskvardag
har gode samarbeidsevner og er omstillingsdyktig
Kvifor velje oss?ei meiningsfull stilling der du kan gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
stillinga er organisatorisk plassert ved Nav Voss, regionskontoret i Voss og Hardanger
statleg tilsetjing i stillingskode 1434, med løn frå kr 639 000 til kr 675 000. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonCathrine Seim-Haugen, Avdelinsleiar , 91393284, cathrine.seim-haugen@nav.no
Maritza Senneseth, Metoderettleiar , 96013864, Stephanie.Maritza.Villegas.Senneseth@nav.no
ArbeidsstedGurid Almenningensplass 1
5704 Voss
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5165213584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.