Errgoterapeut/fysioterapeut
Bokn kommune Helse- og omsorg
- Arbeidssted
- BOKN, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Me har no ledig stilling som ergoterapeut/fysioterapeut frå snarast og fram til 30.11.27.
Det er eit mål å styrke brukerane sine molegheiter for eigenmeistring og oppretthalding av funksjonsnivå så lenge som mogleg.Rehabilitering skal difor vere ein naturleg og sjølvstendig del av all innsats i pleie. Ressursbruken vår i dag er i stor grad retta mot pleie av alvorleg sjuke og tiltak som kompenserar for funksjonstap. Det er fortsatt sentralt å ta vare på og verdsetje den omsorgen som vedlikeheld funksjonsnivå, lindrar smerte og står for grunnleggjande stell og pleie. Samstundes er me opne for nye tilnærmingar, og har eit meir aktivt fokus på brukerane sine eigne ressursar. For å styrkje dette arbeidet er me på jakt etter ein driftig og dynamisk ergoterapeut som saman med fysioterapeut, brukerar og kollegaer tar ei aktiv rolle i arbeidet med å vidareutvikle kommunen sine pleie- og omsorgstenester.
Målet med arbeidet i tenesa er:
* Å fremje deltaking og inkludering i kvardagslivet
* Utvikling av mennesket sine aktivitetar
* Tilretteleggjing av aktivitetar
* Endring av omgivnader
Om arbeidsplassen:
Som ergoterapeut skal du arbeide helsefremjande og førebyggande for å fremje helse og aktivitet. Du kjem til å vere ein del av eit team som er med og kartleggjer kva som hindrar eller mogleggjer kvardagsaktivitetar, og bidra til å finne individuelle løysingar til den personen som skal hjelpast. Som ergoterapeut vil du inngå i eit samarbeid med fysioterapeut og sjukepleier, og skal saman med øvrige tilsette i tenesten arbeide tverrfagleg, slik at innbyggjerane får ein verdig alderdom. På denne måten vil du vere med å sikre at flest mogleg bur og lever trygt i eigen heim og nærmiljø.
Arbeidsoppgåver i stillinga:
Du skal inngå i tverrfagleg team beståande av fysioterapeut, sjukepleiar og anna helsepersonell. Som deltakar av teamet skal du vere med å:
* Kartlegge brukerane sine behov og moglegheiter
* Vere med og gi brukerane individuell rettleiing og opplæring, herunder tilrettelegge aktivitetar
* Tilpasning av omgivnader med universell utforming, boligtilpasning og velferdsteknologi
* Rettleiing og opplæring av øvrig helsepersonell
* Bidra i utforming av plan for habilitering og rehabilitering
Kompetansekrav
Autorisert ergoterapeut/fysioterapeut
Arbeidserfaring frå rehabilitering og evne til å vurdere tiltak for meistring i dagleglivet
Erfaring frå, eller interesse for kvardagsrehabilitering
Kompetanse innan kognitiv tilnærming eller motiverande samtale er ein føremon
Førarkort klasse B
Personlige egenskaper
Ein ergoterapeut jobbar med og saman med mennesker, både sjølvstendig og i team. Du må difor vere tillitsvekkende, ha god evne til å kommunisere og samarbeide med andre. Det er viktig med gode kommunikasjonsevner, og at du behersker norsk både skriftleg og munnleg. Me forutset at du har god samhandlingskompetanse, og at du evnar å arbeide i team.
Arbeidsgiver tilbyr
Tilsetting og løn etter gjeldande lovar og tariffavtaler
Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
Stor påvåverknadsskraft og sjølvstendig rolle
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger",
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.