Operatør syketransportbil
Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 2. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du ha ein jobb med ansvar, sjølvstende og direkte betydning for pasientane si helseteneste? Vi har no ledig ei fast 100 % stilling som operatør på sjuketransportbil med oppstartsområde i Molde/SNR.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal har ansvar for bil- og båtambulanse, luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113) og pasientreiser. Seksjon for pasientreiser har ansvar for å leggje til rette for pasienttransporten i Møre og Romsdal, og er ein viktig del av pasientforløpet i helsetenesta.
Helse Møre og Romsdal har etablert éinmannsbetjente sjuketransportbilar som utfører lettare ambulanseoppdrag. Tenesta er retta mot pasientar som ikkje har behov for overvaking eller medisinsk behandling under transporten, og bidreg til ei effektiv utnytting av dei prehospitale ressursane. Som operatør på sjuketransportbil får du ein sjølvstendig og variert arbeidskvardag, der du møter pasientar i ulike livssituasjonar og bidreg til trygg og omsorgsfull transport til og frå behandling og oppfølging.
Arbeidstida er for tida 4 dagar/veka 8.40-18.00 på kvardagar, med skiftande vekefridag.
Velkomen som søkjar til ei viktig og meiningsfull rolle i den prehospitale tenesta!
ArbeidsoppgåverSørgje for trygg, sikker og omsorgsfull transport av pasientar som ikkje har behov for tilsyn, medisinsk overvaking eller behandling under transport
Assistere med forflytting av pasientar mellom seng, stol og båre
Yte god pasientomsorg og bidra til at pasienten opplever transporten som trygg og verdig
Utføre dagleg kontroll, reinhald og vedlikehald av køyretøy og medisinsk utstyr
Bidra til etterleving av gjeldande rutinar, kvalitetskrav og tryggleiksprosedyrar
Samarbeide med kollegaer og andre aktørar i helsetenesta for å sikre gode pasientforløp
KvalifikasjonarHar førarkort klasse B
Oppfyller dei medisinske krava for førarkort klasse D
Er fysisk skikka til å kunne handtere båre med liggjande pasient åleine
Har relevant kompetanse og erfaring, gjerne frå sjuketransport, ambulanseteneste, pasienttransport eller liknande arbeid
Har helsefagleg bakgrunn, transportfagleg kompetanse eller annan relevant erfaring som kan vere nyttig i stillinga
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Meistrar norsk munnleg og skriftleg
Erfaring frå sjuketransportteneste vil vere ein fordel
Personlege eigenskaparEr påliteleg, sjølvstendig og strukturert i arbeidshverdagen
Har ei sterk serviceinnstilling og møter pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar på ein profesjonell og respektfull måte
Opplever arbeid med pasienttransport og pasientkontakt som meiningsfullt og givande
Tek ansvar, viser gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Er open for utvikling og ønskjer å bidra til vidareutvikling av tenesta
Handterer endringar og uventa situasjonar på ein roleg og løysingsorientert måte
Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyrEit sterkt og tverrfagleg arbeidsmiljø med samarbeid på tvers av heile helsetjenesta
Ein inkluderande arbeidsplass med engasjerte og kompetente kollegaer
Ei meiningsfull rolle med høve til å gjere ein forskjell for pasientar kvar dag
Moglegheit til å ta del i, og bidra til vidare utvikling av eit spennande fagfelt i vekst
Løn etter gjeldande overeinskomstar.
Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning og fordelaktive forsikringsordningar
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her
KontaktinformasjonEsben Magnell, Seksjonsleiar, Esben.Marcussen.Magnell@helse-mr.no
ArbeidsstadBirger Hatlebakks veg 19
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5197216541
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.