Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Regional- og Lokal sikkerheitsavdeling søker sjukepleiar og vernepleiar til 100% faste stillingar   

Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
6

Stillingsdetaljer

Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av seks seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheit og rehabilitering, Sikkerhetspoliklinikken, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern. Eit viktig samfunnsoppdrag I sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp. Som sjukepleiar eller vernepleiar blir du ein viktig del av det tverrfaglege behandlingsteamet, der relasjonsbygging, miljøterapi, motivering og aktivisering står sentralt. Kvar pasient har eit tverrfagleg team som arbeidar saman, og målet er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom. Nokre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. *  Regional sikkerheitspost (RS) har ledig 100% faste stillingar, 2-delt turnus og 3. kvar helg *  Lokal sikkerheitspost (LS) har ledig 100% faste stillingar, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus På Regional sikkerheitspost tar ein også imot personar på judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Her jobbar vi i tverrfaglege team for å sikre heilskapleg behandling for pasientanes samla behov. Vi jobbar for å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Dette gjer vi gjennom eit trygt og strukturert miljø på sengeposten, høg fagleg kompetanse og klare rutinar. Pasientane er ofte innlagde over lengre tid, noko som gir oss høve til å bli godt kjende med både ressursane og dei sårbare sidene deira. na sentral oppgåve kan vere å gjennomføre judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova § 167. Der vil sjukepleiara og vernepleiara vere ein del at eit rettspsykiatrisk team. Hos oss jobbar det omtrent like mange kvinner som menn. På Lokal Sikkerheitspost (LS)  arbeider vi i tverrfaglege team der ulike fagperspektiv blir samla rundt pasienten. Her får du vere med på å skape utvikling gjennom relasjonsarbeid, miljøterapi, psykoterapi, fysisk aktivitet, ergoterapi og medikamentell behandling. Vi legg stor vekt på motivasjon, aktivisering og meistring, og jobbar kvar dag for å hjelpe pasientane til å ta nye steg vidare mot eit meir sjølvstendig og meiningsfullt liv. Vil du vere med og skape endring der andre ser utfordringar?  For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke. For stillingane er det krav om godkjend politiattest. ArbeidsoppgåverSjukepleie/miljøterapi til psykiatriske pasientar som treng behandling og rehabilitering Du deltar i den tverrfaglege miljøbehandlinga Du vil få ansvar for å koordinere den daglege miljøterapeutiske behandlinga i posten Som primærkontakt vil du delta i primærgruppearbeidet rundt kvar enkelt pasient Vurdere og lage handteringsplanar ifht valdsrisiko Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar Relasjonsbygging og motivasjonarbeid for å skape endring KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Det er ønskeleg med erfaring frå psykiatri Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare Personlege eigenskaparDu er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning Du trivst i eit aktivt og tidvis travelt miljø Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du etterspør rettleiing Vi tilbyrDu får grundig opplæring Du får kurs i MAP, møte med aggresjonsproblematikk  Kurs i risikovurderingsinstrumentet HCR-20 Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar og kurs Dette er ei stilling som gir både fagleg og personleg utvikling Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar 15 000 kroner pr år i særtillegg Treningsrom for tilsette Gode pensjons- og forsikringsordningar   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonBente Baug Grey, Seksjonsleiar RS, 55958384 Joachim Honningsvåg, Seksjonsleiar LS, 55958348 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5200851073 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.