Rådgivar
Utdanningsforbundet Vestland
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og bidra til at Utdanningsforbundet Vestland har gode rammer for å løyse samfunnsoppdraget sitt? Vi søkjer no ein engasjert rådgivar som vil vere med på å utvikle og støtte arbeidet ved fylkeskontoret.
Som rådgivar vil du få ei variert rolle med oppgåver innan drift, koordinering og utvikling av arbeidsprosessar og rutinar. Du blir ein viktig støttespelar for både tilsette og politisk valde, og bidreg til at fylkeslaget fungerer på ein effektiv og god måte. Hos oss får du arbeide i eit spennande og dynamisk miljø med varierte arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Noko reiseverksemd må påreknast.
Fylkeskontoret har åtte tilsette og 19 politisk valde organisasjonstillitsvalde. I Vestland er vi til stades både i Bergen og Førde, og du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med kollegaer som er opptekne av å skape gode resultat saman. Nynorsk er målform i fylkeslaget og arbeidssted vil være Bergen eller Førde.
ArbeidsoppgåverDu skal blant anna:
Vere rådgivar for fylkeslaget, lokallag og medlemmer i saker som gjeld lønns- og arbeidsvilkår, rettsvilkår, pensjon, trygd og spørsmål knytte til lovverket
Bidra i arbeid med digital utvikling og forbetring av system
Bidra ved forhandlingar i ulike tariffområde, særleg knytt til berekningar
Bidra i arbeid med medier og kommunikasjon
Ansvar for tekniske løysingar på kontoret og i underliggande ledd.
Bidra i skolering av tillitsvalde og medlemmer
Ta del i dei løpande oppgåvene ved fylkeskontoret
Merk at noko reiseverksemd må påreknast
KvalifikasjonerRelevant høgare utdanning, gjerne lærarutdanning
Gjerne formell kompetanse innan IKT
Forhandlingskompetanse
Gjerne rettleiingskompetanse
Lov- og avtaleverk som gjeld innanfor områda til Utdanningsforbundet.
Ønskjeleg med organisasjonserfaring.
Stillinga krev god kompetanse innan IKT-system, erfaring med publisering på nettsider og avanserte ferdigheiter i Excel. Erfaring med bruk av Excel som verktøy i lønnsforhandlingar og analysearbeid vil bli vektlagd.
Personlige egenskaperVi ser etter deg som har:
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Evne til å jobbe strategisk og ta initiativ
Vi tilbyrHos oss får du:
Arbeide saman med dyktige kollegaer, delta på faglege arenaer og få fridom til å ta ansvar og påverke din eigen arbeidskvardag.
Vere ein del av eit godt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø, òg i periodar med høgt tempo.
Utvikle kompetansen din gjennom kurs, seminar og læringsarenaer som gir moglegheit for både fagleg og personleg vekst.
Gode lønns- og arbeidsvilkår, ei solid pensjons- og forsikringsordning, tid til trening i arbeidstida og ekstra fridagar i jul og påske.
KontaktinformasjonElin Haugsvær Gravdal, Personalleiar, +47 45473823
ArbeidsstedStrandgt 198
5004 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Utdanningsforbundet
Referansenr.: 5177852533
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.