Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Forskar innan anvend mikroøkonomi, arbeidsmarknad og skatt

Forskningsavdelingen, Statistisk sentralbyrå

Arbeidssted
OSLO
Publisert
Søknadsfrist
4. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bidra til ny kunnskap om korleis økonomisk politikk påverkar individ, hushald, verksemder og samfunnet? Ønskjer du å arbeida med sentrale samfunnsspørsmål i eitt av Noregs sterkaste forskingsmiljø innan anvend mikroøkonomi? Vi søkjer ein forskar til Gruppe for arbeidsmarknad og skatt i Forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå. Me ser etter kandidatar med sterk kompetanse innan empirisk mikroøkonomi, økonometri eller kvantitative metodar som ønskjer å bidra til forsking på sentrale samfunnsøkonomiske problemstillingar. Gruppa kombinerer forsking på høgt internasjonalt nivå med utvikling og bruk av sentrale analyseverktøy for norsk økonomisk politikk. Som forskar hos oss blir du ein del av eit leiande fagmiljø innan anvend mikroøkonomi, med tett kontakt med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Arbeidet byggjer på omfattande registerdata og kombinerer empiriske analysar ved hjelp av moderne mikroøkonometriske metodar med utvikling og bruk av modellar og analyseverktøy for norsk økonomisk politikk. Dette gir ei unik moglegheit til å kombinere forsking på høgt internasjonalt nivå med problemstillingar som er sentrale for utforming og evaluering av offentleg politikk. Hos oss får du vera med ågjennomføre forsking innan anvend mikroøkonomi, mellom anna skatt, utdanning, arbeidsmarknad, helse, fordeling og andre sentrale samfunnsøkonomiske tema  publisere forsking i internasjonale vitskaplege tidsskrift  analysere omfattande registerdata ved hjelp av moderne mikroøkonometriske metodar  utvikle og nytte metodar og modellar for analyse av økonomisk politikk  bidra til fagleg samarbeid mellom forsking og statistikkproduksjon  utvikle nye forskingsprosjekt og søknader om finansiering  formidle resultat til beslutningstakarar, offentleg forvaltning, forskingsmiljø og allmenta  samarbeide med leiande forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt  representere SSB og Forskingsavdelinga eksternt  Kva kompetanse er nødvendig?Doktorgrad i samfunnsøkonomi eller eit anna relevant kvantitativt fagområde. Kandidatar som er i ferd med å fullføre doktorgraden, kan òg bli vurderte. Avhandlinga må vere levert før tiltreding. Kompetanse og erfaring med empiriske analysar og mikroøkonometriske metodar.  Erfaring med programmering og dataanalyse, til dømes i R, Stata eller Python, dessutan kopling og analyse av store datasett, fortrinnsvis registerdata.  Det vil bli lagt vekt på vitskapleg produksjon og potensial for forsking på høgt internasjonalt nivå.  God framstillingsevne på norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk. Kandidatar med engelsk som arbeidsspråk blir forventa å lære norsk. Kven er du?Du har sterke analytiske evner.  Du er sjølvstendig, initiativrik og målretta.  Du arbeider strukturert og leverer høg kvalitet.  Du trivst med samarbeid og bidreg aktivt til eit godt fagleg miljø.  Du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner. Kvifor skal du velja oss? o Du har sterke analytiske evner.  o Du er sjølvstendig, initiativrik og målretta.  o Du arbeider strukturert og leverer høg kvalitet.  o Du trivst med samarbeid og bidreg aktivt til eit godt fagleg miljø.  o Du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner. Vi tilbyro Løn som forskar (1109/1110/1183) i lønsspenn frå kr. 675 000 til 820 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for særleg godt kvalifiserte søkjarar.  o Eit leiande forskingsmiljø innan anvende mikroøkonometriske analysar med gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og publisering.  o Spennande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom forsking, analyse og økonomisk politikk.  o Gode moglegheiter for kompetanseutvikling og nasjonalt og internasjonalt samarbeid.  o Fleksibel arbeidstid, treningstilbod og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.  o Lyse og trivelege lokale sentralt i Oslo med innandørs sykkelparkering.  Verdt å merke seg før du søkjer: o For at vi best mogleg skal kunne vurdere søknaden din, treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osv.). For kandidatar vi vurderer å tilsetje, kan vi gjennomføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon. o Me gjer merksam på at opplysningar som søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma. o SSB skal vere ein god stad å arbeide for alle, og me ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidas oppgåver. Har du funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn, eller har hatt lengre fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring dei siste åra, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit til positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging, vil vi strekkje oss langt for å imøtekome behova dine. KontaktinformasjonTrine Engh Vattø, Forsker, 98474524, trine.vatto@ssb.no ArbeidsstedAkersveien 26 0177 Oslo Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Statistisk sentralbyrå Referansenr.: 5204184690 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.12.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.