Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Har du lyst å gjera "heima best" til ein realitet for våre tenestemottakarar ?

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
13. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.  - 100% stilling i turnus er ledig frå januar 2027. Arbeidsstad: Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Varafjell er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne, og senteret ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ. Varafjell er ikkje berre ein arbeidsplass, vi er ryggrada i kvardagen til ein herleg gjeng med barn med ulike behov, draumar og personlegheit. Arbeidsoppgåver Hos oss skal jobben handla om livskvalitet.  Miljøterapi i særklasse: Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med koordinator oppgåver.  Fagleg frontfigur : Du får ansvar for tiltaksplanar, legemiddelhandsaming, oppfølging av Hol kap. 9, og syta for, saman med dine kollegaer, for at vi alltid held høg kvalitet Glede og meistring: Du legg til rette for meistring og aktivitet ut ifrå tenestemottakarane sine eigne premisser Samarbeid: Du jobbar tett med alle våre samarbeidspartnarar. Deler av arbeidet vil verta utført ute i skule, der vi føljer barna.   Kvalifikasjonar:  Du er utdanna vernepleier eller sjukepleiar  Du ser alltid mennesket før diagnosen Du er en lagspelar som sprer energi i personalgruppa Du tør å tenkja utanfor "boksen" når dei vanlege løysingane ikkje strekk til.  Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.  Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet  Det kreves dokumenterte norskferdigheter på minimum nivå B2, både muntleg og skriftleg.   Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest   Kvifor velgje oss ? Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv. Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag. Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.  Vi tilbyr  Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. Nyutdanna vernepleiar/sjukepleiar som har hatt stipendordning i Bjørnafjorden kommune, under utdanning, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000,- ved oppstart i 100% fast stilling Studentar under relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning. Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen  Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.  Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.  Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.