Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Ambulansearbeidar / paramedisinar

Prehospital avdeling, Helse Fonna HF

Arbeidssted
STORD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
26. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
4

Stillingsdetaljer

🚑 Vil du ha ein fast jobb i ambulansetenesta og bli ein del av eit moderne og framtidsretta fagmiljø? Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga. Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste. Vi har no ledige faste stillingar ved ambulansestasjonane på Karmøy, Stord og Sauda. Stillingane varierer i storleik frå 63 % til 100 %. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar til å søkje, og ber om at det blir opplyst i søknaden kva stasjon(ar) det er ønskjeleg å arbeide ved  💙 Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag. 👉 Kjenner du deg igjen? Då håpar vi å høyre frå deg! Send inn søknaden din i dag. Kva går jobben ut på?Behandling og transport av pasientar. Bidra til fagleg utvikling og halde ved lag og vidareutvikle eigen kompetanse. Opplæring og rettleiing av lærlingar, studentar og hospitantar. Jobbe på fleire ambulansestasjonar i føretaket ved behov. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Autorisasjon som ambulansearbeider eller paramedisiner Sertifikat kode 160 og C1. Dersom søkjar ikkje har C1 må det takast innan 6 månader etter oppstart. Bestått fysisk test. Grunnleggjande datakunnskapar. På grunn av beredskap, kan lokal tilhøyrighet verta vektlagt. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som: Jobbar godt sjølvstendig når situasjonen krev det, og samtidig trivst i tett samarbeid med andre Bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å dele kunnskap og støtte kollegaene dine Kommuniserer tydeleg og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt Tek initiativ, ser kva som må gjerast og bidreg der det trengst Har engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor skal du velje oss?Ein fast jobb i ei teneste i utvikling Forutsigbar turnus og fast oppmøtestad Ein variert arbeidsdag på tvers av fleire ambulansestasjonar Bli ein del av eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer Ein meiningsfull jobb der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar Me kan tilby eit spennande arbeid i ei teneste i utvikling på ein stasjon med godt arbeidsmiljø. Dersom du søkjer om fortrinnsrett, må dette oppførast i søknaden.  Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonTore Samdal Lund, Funksjonsleiar, tore.samdal.lund@helse-fonna.no Geir Røssland, Funksjonsleiar, geir.rossland@helse-fonna.no ArbeidsstadTysevegen 64 5416 Stord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5208541042 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.