Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fløgstad skule søkjer

Sauda kommune Fløgstad skule

Arbeidssted
SAUDA, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Fløgstad skule har frå 01.01.2027 ledig 80% fast stilling som fagarbeidar i SFO der ein del av stillinga er knyta til skule. Brenn du for å vera og gjera ein positiv skilnad for barn og unge, oppmodar me deg til å søkja. Fløgstad skule har pr. i dag 134 elevar og 30 tilsette. Arbeids- og ansvarsområde Oppfølging av enkeltelevar og grupper av barn i SFO og/eller skule. Delta i samarbeid om planlegging, organisering og gjennomføring av pedagogisk tilbod for barna i SFO og/eller skule. Bidra til god dialog og samarbeid med føresette. Krav til kompetanseRelevant fagbrev. Andre med relevant utdanning og/eller erfaring kan også søkja. Erfaring med arbeid med barn er ønskeleg. Gode IKT- dugleikar. God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg. Personlege dugleikar vil bli vektlagt Me søkjer etter personar somer oppteken av- og jobbar for alle barn sin rett til plass i eit inkluderande fellesskap. kommuniserer trygt og godt med barn/unge, tilsette og leiing. er tolerant og robust i møte med barns ulike åtferdsuttrykk. er ein tydeleg vaksen som set grenser med omsorg og kjærleik. er løysingsorientert og har evne og vilje til å sjå på eigen praksis, når det me gjer ikkje fungerer. er fagleg engasjert og bidreg med innspel for å vidareutvikla tilbodet. er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag Me kan tilbyEn spanande og variert jobb Pensjonsordning i SPK Gode forsikringsordningar TilsettingsvilkårTilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga. Ved intern overflytting kan det bli ledige stillingar i andre enheter i oppvekstsektoren i Sauda kommune. Søknad sendesSauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no. Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jf. offentlighetslovens §25. Velkommen som søkjar! Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.