Søkjer ringevikarar til Dalsøyra barnehage
Gulen kommune
- Arbeidssted
- GULEN, DALSØYRA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 9. nov. 2027
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ynskjer du å vere ringevikar ved Dalsøyra barnehage?Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra barnehage har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med kontaktpersonane i annonsen.
ArbeidsoppgåverPraktisk og pedagogisk arbeid med born, individuelt og i grupper
Vise omsorg for kvart enkelt born
Ta initiativ til og delta aktivt i borna sine aktivitetar og leik
Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga
Kvalifikasjonar Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Du har interesse for å arbeide med barn
Du er ein tydeleg vaksen og tek initiativ til å byggje gode relasjonar
Du kan gjennomføre og følgje opp aktivitetar med barn, både inne og ute
Du samarbeider godt med andre og kan arbeide både sjølvstendig og i team
Vi kan leggje vekt på kor godt du er personleg eigna for stillinga
Du må leggje fram gyldig politiattest før du tek til i stillinga
Personlege eigenskapar Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer
Ansvarsbevisst
Vert motovert av å vere med å gje barn ein stabil og god kvardag i barnehagen
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Løn etter tariff
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.