Sjukepleiar
Kirurgiske poliklinikker SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Sjukepleiar/Framtidig Uroterapeut søkast til Kirurgiske poliklinikker SNR!
Vil du bli spesialist på eit felt i rivande utvikling og jobbe i ein strukturert poliklinisk kvardag? Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å videreutdanne seg til uroterapeut, med full økonomisk støtte frå seksjonen.
Kirurgiske poliklinikkar har stor aktivitet og behandlar pasientar med eit bredt spekter av lidingar i urinveiane. Uroterapi er ein heilt sentral del av vårt polikliniske tilbod, og vi ønsker no å styrke teamet vårt med ein framtidig fagspesialist.
Vi tilbyr ei 80 % fast stilling som sjukepleiar hos oss, med ein integrert utdanningsavtale for videreutdanning i uroterapi (60 studiepoeng, deltid over 2 år, med oppstart haust 2027 i Bergen). Seksjonen dekker studieavgift, reiseutgifter til samlingar og gir tilrettelagt permisjon med lønn på studiedager etter avtale.
Vi tilbyr:
Ei fullfinansiert videreutdanning i uroterapi (studieavgift, litteraturstøtte og reisedekning).
Arbeidstid hovedsakeleg på dagtid (mandag–fredag).
Ein tilrettelagt studiekvardag der seksjonen legg til rette for samlingar og studiedager.
Eit sterkt fagmiljø med fokus på kompetanseheving, kvalitet og godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom sjukehuset.
Praktisk informasjon om utdanningsavtalen:
Utdanninga gjennomførast som eit deltidsstudium over 2 år. Det vil bli oppretta ein formell utdanningsavtale mellom sjukehuset og den som tilsettast. Avtalen inneber økonomisk støtte og permisjon under studietida, mot ei bindingstid på 2 år i 80 % stilling ved poliklinikken etter fullført utdanning.
Tilsetting etter avtale med leiar. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
ArbeidsoppgåverAssistanse ved polikliniske undersøkingar og inngrep (f.eks. cystoskopi, biopsier og enkle operasjoner).
Sjølvstendige sjukepleiarkonsultasjonar, inkludert oppfølging av kreftpasientar, kateterskift og skylleregimer.
Tverrfagleg samarbeid med urologar og andre faggrupper.
Når studiet er gjennomført, vil du få eigne uroterapeutiske konsultasjonar med ansvar for utgreiing av inkontinens, blæretrening, urodynamiske undersøkingar og opplæring i RIK/KIK.
KvalifikasjonarHar norsk autorisasjon som sjukepleiar (gjerne med erfaring frå poliklinikk eller urologi, men opplæring vil bli gitt).
Har ei genuin interesse for urologifaget, kontinensutgreiing og pasientundervisning.
Trivst med høgt tempo og raske pasientutskiftingar, men samstundes har evne til å skape tryggheit i sårbare situasjonar.
Er strukturert, løysingsorientert og trivst med stor grad av sjølvstendigheit i arbeidet.
Personlege eigenskaparVi søker deg som:
Er fagleg engasjert og ønsker å utvikle deg
Er strukturert, ansvarsbevisst og håndterar ein variert arbeidskvardag
Trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Er fleksibel og løysingsorientert
Har gode kommunikasjonsevne og set pasienten i sentrum
Personlig eignaheit for stillinga vil bli vektlagt
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
KontaktinformasjonIda Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, Ida.Gule@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5200907849
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 23.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.