Områdevikar barnehage
Luster kommune Oppvekst
- Arbeidssted
- LUSTER, GAUPNE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere ein viktig vaksen i kvardagen til barn? Me har stort behov for fleire dyktige medarbeidarar i barnehagane våre. Som områdevikar får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til tryggleik, omsorg og gode opplevingar for barn i fleire av kommunen sine barnehagar.
Dette er ein spennande jobb for deg som trivst saman med barn, er fleksibel og ønskjer å gjere ein forskjell der behovet er størst.
Stillingsinformasjon
Som områdevikar blir du ein del av fellesskapet i fleire av kommunen sine barnehagar. Du får ikkje fast oppmøtestad, men arbeider i den barnehagen der behovet til ei kvar tid er størst.
Inntil 100 % fast stilling som områdevikar i barnehagane
Arbeidstid på dagtid
For inneverande barnehageår er oppmøtestad Skjolden
Køyring til annan barnehage enn oppmøtestad blir godtgjort etter gjeldande reglar
Du må kunne disponere eigen bil
Kvalifikasjonar
Arbeidserfaring frå barnehage er ønskjeleg, men ikkje krav
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar tel positivt, men er ikkje eit krav
Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kven ser me etter?
Du er ein person som:
er ein trygg og ansvarsbevisst vaksen
likar å vere saman med barn og bidra til leik, utvikling og læring
byggjer gode relasjonar til både barn, føresette og kollegaer
er fleksibel og trivst med varierte arbeidsdagar
bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Me kan tilby
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre arbeidsvilkår
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale, med utgangspunkt i gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
Me gjer merksam på at i offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjar bli offentlegjort om sjølv om du har oppmoda om ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før sølkjarlista vert offentleg gjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.