Vikariat assistent
Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune
- Arbeidssted
- HARAM, VATNE, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 9. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode".
Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst ? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
ArbeidsoppgåverGi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor det gjeldane loveverket og rammene ein har blitt einige om
Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid
Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet
Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt
KvalifikasjonarGode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §27
Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningsliner
Levere godkjent politiattest av nyare dato
Personlege eigenskaparVi søker deg som har evne til å:
Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
Jobbe sjølvstendig
Vere ein pådrivar i det praktiske arbeidet
Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert
Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa
Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen.
Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar
Vere ein god rollemodell, ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju
Vi tilbyrEit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
Løn etter gjeldande tariff
God pensjonsordning
KontaktinformasjonGro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no
ArbeidsstadGjerdebakken 55
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5196142551
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 09.11.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 09.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.