Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 4
Stillingsdetaljer
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr
Vi har ledig:
100 % fast stilling
90 % fast stilling
80 % fast stilling
80 % fast stilling
Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale.
Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
ArbeidsoppgåverIvareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane.
Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve.
Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar.
Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik.
Rettleiing av studentar og kollegaer.
Samhandling med kommunar.
Kontinuerlig forbetringsarbeid.
KvalifikasjonarDu har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.
Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav.
Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet.
Personlege eigenskaparDu er ansvarsbevisst og strukturert
Du har eit fagleg engasjement
Du viser fleksibilitet og evne til omstilling
Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig
Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
Du er positiv og har gode haldningar
Du er pasientorientert
Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
KontaktinformasjonEllen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, +47 70105885, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5187628543
Stillingsprosent: 100, 90, 80%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 18.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.