Sjukepleiar i Heimetenesta
Austrheim kommune
- Arbeidssted
- AUSTRHEIM, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 13. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i Heimetenesta, med arbeid på dag og kveld, og kvar 4. helg.
I Heimetenesta har vi valt å satse på langvakter i helg, noko som gir ein annleis og spennande arbeidskvardag. Helgevaktene er på 14 timar laurdag og søndag og gir lengre samanhengande arbeidsperiodar og færre helger på jobb.
Heimetenesta er organisert i éi sone, med oppmøtestad i underetasjen på Nordliheimen sjukeheim. Som sjukepleiar får du ein variert og sjølvstendig arbeidsdag, samtidig som du blir ein viktig del av eit tverrfagleg team med fokus på kvalitet, fagleg utvikling og gode tenester for brukarane våre.
Vi nyttar i dag Visma Profil, men er godt i gang med arbeidet med å ta i bruk eit nytt elektronisk pasientjournalsystem. Digitalisering og bruk av ny teknologi er viktige satsingsområde for framtida i Austrheim kommune, og som medarbeidar i Heimetenesta får du vere med på denne utviklinga.
Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring og fagutvikling. Vi samarbeider også på tvers av einingane innan pleie og omsorg for å utvikle gode arbeidsprosessar, utnytte ressursane på ein god måte og sikre forsvarlege og framtidsretta tenester.
Hos oss får du moglegheit til å bruke sjukepleiarkompetansen din i ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du får arbeide tett på brukarane og samtidig vere med på å utvikle Heimetenesta vidare.
ArbeidsoppgåverUtføre pasientretta sjukepleie, pleie, omsorg og behandling til personar som bur i eigen heim
Gjere sjølvstendige faglege vurderingar, observasjonar og oppfølging av pasientane sine behov
Samarbeide tett med pasientar, pårørande og kollegaer, og bidra til gode og heilskaplege tenester
Samarbeide tverrfagleg med andre faggrupper og tenester rundt pasienten
Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar, faglege krav og gjeldande lovverk
Delta i vurdering og oppfølging av endringar i pasienten sin helsetilstand, med fokus på tidleg oppdaging og førebygging av forverring
Halde deg fagleg oppdatert og bidra aktivt til fagutvikling og kvalitetsforbetring
Bidra til å utvikle og ta i bruk digitale løysingar og velferdsteknologii tenestene
Vere med på å vidareutvikle Heimetenesta og bidra til framtidsretta og forsvarlege teneste
KvalifikasjonskravAutorisert sjukepleiar
Førarkort klasse B
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Vi ser etter deg som:Trivst med å arbeide med menneske med ulike behov for pleie, omsorg og helsehjelp
Er fagleg trygg, ansvarsfull og profesjonell i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
Møter utfordringar og uventa situasjonar med ro, tryggleik og gode faglege vurderingar
Arbeider sjølvstendig, strukturert og systematisk, samtidig som du ser verdien av å samarbeide godt med andre
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er løysingsorientert, fleksibel og ser moglegheiter i staden for hindringar
Er oppteken av kvalitet, fagutvikling og kontinuerleg forbetring
Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og eit inkluderande fellesskap
Er positiv, engasjert og påliteleg
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyrEngasjerte, dyktige og framtidsretta kollegaer
Eit positivt, inkluderande og godt arbeidsmiljø
Ein aktiv og variert arbeidskvardag med spennande faglege utfordringar
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
Moglegheit for vidareutdanning – blir vurdert individuelt i den enkelte eininga
God pensjonsordning gjennom KLP
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Austrheimmodellen, med fokus på gode og fleksible arbeidsordningar
Årsturnus frå veke 49 i 2026
Langvakter i helg og arbeid kvar 4. helg
Heim til AustrheimVi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.