Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Lege i spesialisering psykiatri

Lis og turnuslegar Psyk. Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
6. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

DPS Molde  har no ledig ei fast stilling  som Lege i spesialisering psykiatri frå 01.03.27. I tillegg har vi ledig eit vikariat  frå 01.03.27 med varighet på 6-12 mnd. etter nærmere avtale. Oppstart ved DPS Molde døgnseksjon. Vi tilbyr alle nødvendige delar av spesialistutdanninga i psykiatri. Våre LIS gir tilbakemeldingar om eit triveleg og godt arbeidsmiljø med høg grad av tilfredsheit med spesialistutdanninga. For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere omlag 18-delt tilstadevakt. Stillinga vi no lys ut inngår i rotasjonsordninga.  Oppstartdato er fleksibel, og kan avtalast fram i tid om ønskjeleg. ArbeidsoppgåverArbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar  Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar  I samarbeid med psykiater gjere vurderingar knytt til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling  Deltaking i vaktordning  Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege  Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning  LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må vere oppfylte før tiltreding. Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Personlege eigenskaparDu har gode samarbeidsevner  Du kommuniserar godt både internt og eksternt  Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg Du har interesse for psykiatri Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.  Vi tilbyrEi god spesialistutdanning i psykiatri med hyggelige kollegaer og fornøyde LIS3 Vi tilstreber å legge til rette for gode spesialiseringsløp for LIS3 med mogelegheit for å legge til rette både i forhold til rekkefølge på rotasjon, vaktbelastning og arbeidstid.  Om ønskeleg kan tilpassa arbeidstid diskuterast i deler av utdanningen.  Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår  KontaktinformasjonGeir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202 ArbeidsstadNøisomhedvegen 12 6416 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5198527122 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Startdato: 01.03.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.