Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Bioingeniør II

Medisinsk biokjemi SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
2. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi treng ein dyktig bioingeniør som er klar for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag ved sjukehuset på Hjelset i Helse Møre og Romsdal. Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har vi ledig ei 100% fast stilling som bioingeniør II. Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart tatt i bruk i april i 2025. Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er flunkande nytt! Stillinga er knytt til fagområdet PNA og Urinundersøkingar. Fagområdet har ansvar for oppfølging av PNA-utstyr på sjukehuset sine avdelingar. Innanfor urinanalysar har vi automatisert stix- og urinmikroskopi-instrument, som ein av dei få i Norge.  Som bioingeniør II vil du vere ein viktig støttespelar for fagbioingeniør på fagområdet. Du vil også arbeide i ein tredelt turnus. Det betyr at du også vil få opplæring innanfor dei andre fagområda som inngår i vaktarbeidet. Vi er opptatt av å planlegge slik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønske og behov. Ved et eventuelt internt opprykk vil vi få ei fast ledig stilling som bioingeniør i vaktturnus. Vi ber søkjarar om å gjerne oppgi om dei er interessert i dette.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. ArbeidsoppgåverStedfortreder for fagbioingeniør på fagområdet Bistå fagbioingeniør med arbeidsoppgåvene på fagområdet Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver ifølgje arbeidsbeskriving for den einskilde seksjon Delta i laboratoriet sin vaktturnus Bidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling Sørgje for å halde seg fagleg oppdatert Bidra til opplæring og rettleiing av seksjonen sine medarbeidarar, studentar eller andre som skal utføre arbeid i laboratoriet KvalifikasjonarBioingeniør med norsk autorisasjon Relevant praksis vil bli vektlagt Må meistre norsk, både skriftleg og muntleg Personlege eigenskaparDu er fagleg engasjert og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø Du har gode formidlingsevner Du er strukturert, målretta og løysingsorientert Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid Du har evne til omstilling og vilje til fagleg utvikling og nytenking Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrEi spennande og meiningsfylt stilling i eit spennande fagmiljø Eit inkluderande arbeidsmiljø Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og med andre avdelingar på sjukehuset Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonMarit Sivertsen, Seksjonsleiar, marit.sivertsen@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5189497704 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.