Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Avdelingsleder

NAV Askøy, Askøy kommune

Arbeidssted
ASKØY, KLEPPESTØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og leie eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Brenn du for eit inkluderande arbeidsliv, relasjonsleiing og utvikling av menneske og tenester? Då kan du vere den nye leiaren vi ser etter til arbeidslivsavdelinga vår. Avdeling arbeidsliv har ansvar for kontoret si oppfølging av brukarar over 30 år som er klare for arbeidsretta aktivitet og arbeid. Ei anna viktig oppgåve for avdelinga er oppfølging av brukarar i oppfølgingsløp for sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar som treng hjelp til å behalde arbeid. Avdelinga sine oppgåver har eit breitt fagleg spekter, og avdelingsleiar vil ha ansvar for om lag 14 fagleg dyktige medarbeidarar med tilsettingsforhold både i stat og kommune. Saman med tilsette har avdelingsleiar kontakt med til dømes legar og arbeidsgivarar. Avdelinga driv og med gruppetiltak og informasjonsmøter for Nav brukarar. Vi ser etter ein leiar som skaper tillit, gode relasjonar og engasjement, og som er god på samarbeid. Det krev stor grad av fleksibilitet, fokus på utviklingsarbeid, prosess- og kompetanseleiing. Vi er ein arbeidsplass som stadig utviklar oss, og du må trivast med å leie ei verksemd der omstillingstakta er høg. Nav Askøy har flotte nye kontorlokale og er ein aktivitetsbasert arbeidsplass. Vi er eit kontor med 4 avdelingar, og heile kontoret består av kring 70 tilsette. Du finn oss sentralt plassert på Kleppestø senter, med gode buss- eller båtforbindelsar. Reiser du frå Bergen, køyrer du køfritt både med buss og bil.  ArbeidsoppgaverLeie og utvikle team i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag og mål Personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar Følge opp resultat og legge til rette for kontinuerleg forbetring Representere avdelinga og regionen i interne og eksterne samarbeidsfora. Aktuelle samarbeidspartnarar er legane på Askøy, Askøy lærings- og integreringssenter og Nav Øygarden Vere ein aktiv medspelar i leiarteamet på kontoret og i regionen, og bidra til heilskaplege løysingar til beste for brukarane våre Bidra til eit godt arbeidsmiljø for avdelinga og kontoret, og bygge felles engasjement og kultur KvalifikasjonerFullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet Leiarerfaring God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester God erfaring frå å jobbe med menneske og bygge relasjonar Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk Det er ein fordel om du òg har: Erfaring frå arbeidsinkludering eller marknadsarbeid Leiarutdanning God forståing for teamarbeid og teamutvikling Det gjøres oppmerksom på at det vil bli krevd politiattest ved ansettelse. Politiattesten skal ikke legges ved søknadspapirene, men fremlegges før tiltredelse. Vi ser etter deg somer samlande og raus, og evnar å rettleie, utvikle og skape meining for medarbeidarane dine ser medarbeidarane dine, og kommuniserer forventingar og tilbakemeldingar på ein tydeleg og inkluderande måte jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne er nytenkande, fleksibel og tek ansvar for eiga fagleg utvikling er god på samarbeid og å byggje relasjonar internt og eksternt Vi tilbyrLønn etter gjeldende avtaleverk Gode pensjonsordninger Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring Generelle opplysninger: I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om å ikke bli oppført på søkerlisten. Dersom ønsket ikke etterkommes, vil søkeren bli varslet om dette før søkerliste utarbeides. Eventuelle vitnemål og attester skal legges inn som vedlegg til søknaden.  KontaktinformasjonHelga B. Torgersen, Nav leder, (+47) 40 80 61 85 ArbeidsstedKleppestø senter 5300 Kleppestø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Askøy kommune Referansenr.: 5205374269 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.