Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?

Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta

Arbeidssted
LÆRDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
20. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir. Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn. Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus. Me søkjer no etter koordinator for personar med funksjonsnedsetjing i 100 % fast stilling. Bu- og miljøtenesta yter heildøgns omsorg og tenester til personar med funksjonsnedsetjing, psykiske lidingar og/eller rusutfordringar. Tenestene vert tilpassa den einskilde sine behov og vert gitt i heimen, på arbeidsplassen og i fritida. Målet er å fremje meistring, sjølvstende og deltaking i kvardagslivet.  Me ser etter deg som: trivst med å jobbe sjølvstendig har gode samarbeidsevner arbeidar målretta, systematisk og strukturert har gode norskkunnkaper og god skriftleg framstillingsevne Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga: leiar for koordinerande eining koordinatoransvar for born, vaksne og eldre personar med funksjonsnedsetjing. Delta i ansvarsgrupper knytt til den einskilde brukar samarbeid med ulike tenester og spesialisthelsetenesta ansvarleg for brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlastning og omsorgsløn superbrukar i Visma Samspill vidareutvikling av tenesta og prosjektarbeid Krav til utdanning og kompetanse: 3 årig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag kunnskap om relevant lovverk god digital kompetanse Me tilbyr: løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS kap. 4 gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving  Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har: full barnehagedekning gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.