Psykolog, spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
BUP Haugesund har ein nyoppretta 100% stilling i poliklinikken for psykolog, spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom.
Er du engasjert i faget ditt, glad i å dele kunnskap og oppteken av eit godt arbeidsmiljø? Då kan du vere akkurat den vi ser etter i teamet vårt på Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP).
Hos oss møter du flinke, rause og trivelege kollegaer – og eit arbeidsmiljø der både trivsel og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer høg fagleg kompetanse, og legg til rette for at du som kollegaen vår kan vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare.
Vi nyttar fleire metodar i behandlinga, blant anna B4DT (4-dagars behandling), TF-CBT og DBT. Nye medarbeidarar får god opplæring og moglegheit for kurs og vidareutdanning, slik at du blir trygg i rolla og kan bidra i dei ulike tiltaka våre. Samarbeid står sterkt hjå oss – både fagleg og kollegialt.
Har du kjennskap frå helsetenester for barn og unge? Sjå filmen og bli betre kjent med oss – sjå filmen vår: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Vi veit at trivsel på jobb er avgjerande, og hos oss satsar vi på eit inkluderande og sosialt miljø. Vi har felleslunsj, fagdagar, trening og hyggelege kveldsarrangement – små og store ting som gjer kvardagen betre.
Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? 👉 Søk i dag!
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt. Har du moglegheit til å starte snart, er det flott – vi avtalar oppstart i lag.
Kva går jobben ut på?Du utgreiier, diagnostiserer og behandlar barn og ungdom.
Du bidrar fagleg gjennom rettleiing, undervisning og samarbeid i team.
Du har dialog med foreldre og andre som er viktige i livet til barnet eller ungdommen.
Kva slags kompetanse treng du?Du må ha norsk autorisasjon som psykolog, vera godkjend spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom.
Det er ein føresetnad for tilsetjing at den som søkjer må ha relevant erfaring og kvalifikasjonar som sjølvstendig behandlar, slik at vedkommande kan gå direkte inn i klinisk arbeid. Dette kan vere erfaring frå BUP eller tenester i kommunal regi.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?Vi ønskjer at du:
er flink til å samarbeide og dele kunnskap med andre.
jobbar strukturert og sjølvstendig.
er kreativ, open for nye idear og tilpasningsdyktig.
Personlege eigenskapar blir vektlagde, spesielt korleis du passar inn i teamet.
Kvifor skal du velje oss?Eit utfordrande og spennande fagfelt i utvikling
Arbeid i tverrfaglege team.
Moglegheit for å lære meir og utvikle deg fagleg.
Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer.
Regelmessige faggruppemøter.
Skrivepermisjon knytt til skriftleg arbeid i spesialistutdanninga for psykologar.
Jobben er på dagtid, 37,5 timar i veka, med moglegheit for fleksitid.
Litt om oss:
BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0 til 18 år. Vi dekker 10 kommunar i området. Vi har både poliklinikk og døgnpostar for barn og ungdom. Døgnpostane har akuttfunksjon og dekker heile området til Helse Fonna. Poliklinikken er delt inn i to team etter geografi. BUP Haugesund er godkjend som utdanningsstad innan barne- og ungdomspsykiatri.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonGeorg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar/overlege, 52732850
Margrethe Reigstad Aase, Funksjonsleiar/psykologspesialist, 52732850
Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar/Psykologspesialist, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850, lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no
ArbeidsstadVinjes gate 10
5522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5178941697
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.