Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

LIS 2/3 Indremedisin

Voss Medisinske legar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus

Arbeidssted
VOSS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Likar du å finne svar når fasiten ikkje er opplagd? Då kan du passe godt inn hjå oss!  Me har ledig fast stilling for LIS2/3 i indremedisin frå 01.03.2027.  Me tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Generell indremedisin på Voss er ein framoverlent gjeng som består av 2 gastroenterologar, 2 lungelegar, geriater, kardiolog og nefrolog. Me ynskjer å styrke LIS 2/3-laget, og det er der du som les dette kjem inn i bilete. I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg. Aktuelle prosedyrar i vår avdeling er pleuratapping, ascitestapping, lumbalpunksjon, gastroskopi, coloskopi, ekkokardiografi, arbeids EKG, spirometri / TLCO, CPET (VO2Max) og dialysebehandling. Aktivitet vil henge saman med kva fagfelt ein har valdt å fokusere på med omsyn til læringsmål. Me har eigen utdanningsansvarleg overlege som bidreg til å tilpasse aktivitet i poliklinikk med læringsmål. På vakt vil du møte faget i full breidde og me har også mottak av hjerneslag og trombolytisk behandling. Du har tett samhandling med LIS1 og erfarne overlegar på vakt. Fast tilsette LIS2/3 ved Voss Sjukehus kan gjennomføre gruppe 1 teneste ved Haukeland Universitetssjukehus. ArbeidsoppgåverVisitt på sengepost Poliklinikk Vakt Rettleiing av LIS1 Internundervisning KvalifikasjonarDu må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling i indremdisin Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg samt ha god skriftleg dokumentasjonsevne Personlege eigenskaparDu likar å arbeide saman med andre, men synest pasientar og pårørande er dei viktigaste Du har interesse og motivasjon for fagfeltet Me tilbyrStort fagleg engasjement Me vil at du skal lykkast med å oppnå fagleg vekst og meistring Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising og kurs Me bistår gjerne med å skaffe bustad, fint om dette i så fall er opplyst i søknad Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGro Lillegraven, Seksjonsoverlege, gro.lillegraven@helse-bergen.no Magnus Wiger Austefjord, Overlege, magnus.wiger.austefjord@helse-bergen.no ArbeidsstadSjukehusvegen 12 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5174933971 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.