Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Er du sjukepleiar?

Barne- og ungdomspost, Helse Fonna HF

Arbeidssted
HAUGESUND, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Og vil du vere med og gjere ein forskjell - kvar einaste dag? Då må du bli ein del av vårt engasjerte team ved barne- og ungdomsavdelinga. Vi søkjer en engasjert og fagleg sterk sjukepleiar til 80% vikariat frå 01.02.2027 til 13.02.2028. Her får du ein meiningsfull arbeidskvardag med små pasientar og store augeblikk. Barne- og ungdomsavdelinga ved Haugesund sjukehus tilbyr medisinsk og kirurgisk behandling for barn og ungdom frå 0 til 18 år. Vi legg stor vekt på heilskapleg omsorg, tverrfagleg samarbeid og eit varmt møte med pasientar og familiar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse, og eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, openheit og humor.  Arbeidet går føre seg i turnus med dag-, kveld-, og nattevakter, og gir deg varierte og utfordrande oppgåver innan både akutt og planlagd behandling. Her får du høve til å bruke både fagkunnskap og omsorgsevne og delta i vidareutvikling av eit kompetent og framtidsretta fagmiljø. Hos oss får du ein arbeidskvardag som er både utfordrande og meiningsfull - og full av små augeblikk som gjer ein stor forskjell.  👉 Vil du bli ein del av vårt gode team? Då gler vi oss til å høyre frå deg! Kva går jobben ut på?Samarbeid med foreldre, pårørande og tverrfagleg team rundt enkelte pasient grupper Planlegging og gjennomføring av pasientforløp Sjukepleie til barn og ungdom med  medisinske, kirurgiske og psykiske tilstandar Dokumentasjon i journalsystema DIPS og Meona Rettleiing av studentar og nytilsette Bidra til fagutvikling, internundervisning og kvalitetsarbeid Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Erfaring frå barneavdeling, nyføddintensiv eller liknande er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å skape tryggleik for barn og familiar. Personlege eigenskaper vil bli vektlagde Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du: Bidreg positivt til arbeidsmiljøet og bryr deg om kollegaene dine Ser etter løysingar og tek initiativ i ein aktiv og tidvis hektisk kvardag Er profesjonell og omsorgsfull i møte med pasientar og familiar, og skaper tryggleik Er fagleg trygg, strukturert og nøyaktig Kan handtere akutte situasjonar og gi sjukepleie til alvorleg og akutt sjuke barn Kvifor skal du velje oss?Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver. Systematisk opplæring, rettleiing og faste fagdagar i turnus. Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Aktivt VO og TV Løn etter gjeldande tariffavtale. KontaktinformasjonCharlotte Rugtveit, Funksjonsleiar, +47 52732520 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5204759625 Stillingsprosent: 80% Vikariat Startdato: 01.02.2027 Sluttdato: 13.02.2028 Søknadsfrist: 24.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.