Vikariat i engelsk og samfunnskunnskap
OPK-VV - Voss vgs, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- VOSS, SKULESTADMO, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Voss vidaregåande skule ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen og er ein moderne skule med om lag 400 elevar og om lag 120 tilsette. Skulen har fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har høge ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda dei tilbyr. Ved Voss vgs har me fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.
ArbeidsoppgåverMe søkjer ein lærar til eit vikariat i engelsk og samfunnskunnskap for tilsetjing snarast. Engelsk ca. 24% og samfunnskunnskap ca. 20%.
Vikariatet varer fram til jul, men det kan bli aktuelt å forlengja det.
KvalifikasjonarMe søkjer etter ein person som har:
høgskule-/universitetsutdanning,
praktisk-pedagogisk utdanning og
undervisningskompetanse (60 st.p.) i dei to faga
Personlege eigenskaparDu kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Du er målretta og systematisk og set eleven si læring og utvikling fremst.
Du er tydeleg, støttande og motiverande i møte med elevane.
Du er kreativ og har omstillingsevne.
Du er flink til å samarbeida og er interessert i faga.
Vi tilbyrHjå oss får du:
eit nytt og moderne skulebygg,
inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap,
gode moglegheiter for fagleg utvikling,
løn etter tariff i offentleg sektor, og
gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
KontaktinformasjonMagnhild Hakestad, Rektor, 97737676, magnhild.hakestad@vlfk.no
Aina Sandaker, avdelingsleiar, 41465683, aina.sandaker@vlfk.no
ArbeidsstadStrandavegen 251
5710 Skulestadmo
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5208406007
Stillingsprosent: 44%
Vikar
Startdato: 23.11.2026
Sluttdato: 22.12.2026
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.