100% faste stillingar som helsefagarbeidar i Heimetenesta avd. Hauge omsorgsbustad
Osterøy kommune
- Arbeidssted
- OSTERØY, LONEVÅG, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om stillingaMe har ledig to faste 100% stillingar som helsefagarbeidar ved Hauge omsorgsbustad frå 01.12.26 og 01.01.27 eller etter avtale. Det er også ledig helsefagarbeidarstilling kvar 4. helg på 24,30% med langvakter på 14. timar laurdag og sundag, kortvakt fredag frå 01.12.2027 eller etter avtale.
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar.
Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette.
Intervju vil bli gjennomført fredag 23.10.
ArbeidsoppgåverUtføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
Legemiddelhandtering
Primærkontaktansvar
Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga
Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyrGod opplæring
Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter tariff
Gode pensjonsvillkår
Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad
KvalifikasjonskravKrav om autorisasjon som helsefagarbeidar
Krav om å beherske vanleg IKT verktøy
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Stillinga krev at De legg fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling
Kven er du?Du er strukturert og har god gjennomføringsevne
Du er engasjert og likar å samarbeida med andre
Du har stå på vilje med glimt i augo
Du er løysingsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak
Du har digital forståing
Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.