Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Fastlege - Vatne legekontor

Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune

Arbeidssted
HARAM, TENNFJORD, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og utvikle legetenesta i Haram kommune? Haram kommune søker etter ein engasjert og fagleg sterk fastlege til 100% stilling med oppstart i desember. Listelengde blir avtalt mellom legen og kommunen, med utgangspunkt i tenesta sine behov og legen sin arbeidssituasjon. For ALIS-legar er utgangspunktet ei listelengde på om lag 800 pasientar, medan allmennlegespesialistar har ei listelengde på om lag 900–1000 pasientar. Er du ALIS vert du omfatta av eit opptrappingsforløp i høve listelengde i dialog med leiar. Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Vatne legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med påskjønningsløysing. Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og fagleg møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning. Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggar som søker tenester. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege Gjennomført LIS1 i Norge Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering, eller villig til å starte slikt spesialiseringsforløp Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner God kunnskap om norsk lovverk Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg Førarkort klasse B  Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt Interesse for å vere med og bidra inn i utvikling og drift av legekontoret Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit Evne til å jobbe i team Godt humør og positiv framtoning God arbeidskapasitet Vi tilbyrVarierte og overkommelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår Du kan velje mellom konkurransedyktig fastløn med påskjønningsløysing eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale innan den kurative delen av stillinga Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt, to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning med erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund og er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin Om du er LIS 3 vert du forplikta til å inngå ALIS-avtale med kommunen KontaktinformasjonLinn Jenny Husøy Morsund, Avdelingsleiar, 41446306, linn.jenny.husoy.morsund@haram.kommune.no Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no ArbeidsstadFv106 1280 6264 Tennfjord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5172413191 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 20.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.