Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fagarbeidar

Ål kommune Sando barnehage

Arbeidssted
ÅL, BUSKERUD
Publisert
Søknadsfrist
17. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Sando barnehage legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Me vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.   Som fagarbeidar / assistent i barnehage må du først og fremst like å vera  saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.    No har me eit 100 % vikariat ledig i Sando barnehage i perioden 01.01.27 - 31.12.27. Kvalifikasjonar Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.  Eventuelt anna relevant utdanning / erfaring.  Personlege eigenskapar Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som: Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.  Trivst i lag med små barn  Er utadvent og trygg på deg sjølv. Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt. Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt. Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Er fleksibel og løysingsorientert. Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.  Vi tilbyr  Barnehagar med eit god fagleg miljø.  Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen. Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.  Pensjonsordning i KLP. Lønn etter gjeldande tariffavtale.  Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.  Velkomen som søkjar!  Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.