Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Rådgjevar

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
13. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med å gjere ein forskjell? Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har ledig eit vikariat i 100% stilling som rådgjevar på fagområdet rørsle/bustad. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevelsar og Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 32 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemidlar og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåver gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi hjelper brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging. Arbeidsoppgåverrettleie brukarar, pårørande og samarbeidspartar om rørslehjelpemiddel formidle rørslehjelpemiddel gi råd, greie ut og formidle hjelpemidlar i bustad, hovudsakleg fastmontert utstyr halde kurs for brukarar og samarbeidspartar samarbeide tverrfagleg og tverretatleg reise ut på synfaring og utprøving hente inn pristilbod, registrering og dokumentasjon delta i nasjonale arbeidsgrupper og utviklingsarbeid planlegge og arrangere aktivitetsdagar- sommar og vinter Vi tek atterhald om endring av arbeidsoppgåver og ansvarsforhold. Kvalifikasjonarbachelor i fysioterapi eller ergoterapi førerkort klasse B god digital kompetanse skrive og snakke godt norsk Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er fleksibel og klarer å arbeide sjølvstendig. Det er viktig at du er god på å bygge relasjonar og å sjå løysingar for brukarane/innbyggjarane. Arbeidsoppgåvene famnar over eit vidt spekter, du må difor ha stor arbeidskapasitet og vere strukturert. Vi arbeider i tverrfaglege team og du må like å samarbeide med andre. Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar.Vi tilbyrmeiningsfulle og spanande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde triveleg miljø og kjekke kollegaer fleksitidsordning lønn som rådgjevar, kr 639 000,- - 680 000,- pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse( 2% av bruttolønna vert trekt) for særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgre lønn vurderast KontaktinformasjonFrode Hovland, Avdelingsdirektør, 48108828 Inger Jorun Årseth, Avdelingsleiar, 95235287 ArbeidsstedSteinavegen 12 6800 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5187296210 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.03.2028 Søknadsfrist: 13.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.